Musikk
Ambivalensens estetikk
Thomas T. Dahl skin frå første til siste tone.
Trioen vekte med rette oppsikt i 2015 med debuten Sun Moee. Samarbeidet dei tre imellom går endå lenger attende i ymse konstellasjonar i Eilertsens namn. Musikken var sett saman av forførande melodiar, raffinert harmonikk, «laus» rytmikk og luftig og gjennomsynleg lydbilete, men det lyttande samspelet var kanskje det mest oppsiktsvekkjande. Dei same kvalitetane fører trioen vidare på oppfølgjaren.
Den største skilnaden frå debuten er at trioen på Sun Sparkle også har skaffa seg ein rockefot å stå på. På fleire kutt er rytmikken fastare og meir bastant, og Eilertsen har på ein del spor skifta ut kontrabassen med den elektriske halvbroren. Dette som ved første gjennomhøyring verkar som eit markant stilskifte, er berre ei ytre form som ikkje endrar essensen i uttrykket til trioen. Opningssporet «Launch» av Eilertsen er eit glimrande døme. Med stødig rockefot og ein harmonikk som gjev næring til illusjonen om at noko faktisk kan veksa inn i himmelen, har dei lagt eit fundament som Dahl med ei nydeleg forma melodistemme emosjonelt dreg i ei anna lei. Ambivalensestetikk er ein raud tråd plata gjennom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.