Alvorsfylte julesongar
Tematikken er ikkje berre knytt til barnet i stallen, men like mykje til menneske som er på flukt frå vald og krig.
Helga Johanne Størdal (t.h.) har fått med seg Trio Serafin på juleplata.
Foto: Lød
Julemusikk
Helga Johanne Størdal og Trio Serafin:
Julefred over jorda
Lød
Det ser ut til å vera ein umetteleg marknad for motstandslaus og lettbeint julemusikk. Denne plata kan trygt kategoriserast som ein motsetnad til kommersiell julemusak.
Den klassiske sopranen Helga Johanne Størdal har funne fram 13 julesongar frå ulike stader i verda, omsett fleire av dei sjølv og fått dei kledde i arrangement av komponisten Ewa Serafin. Utgangspunktet er folkelege juleviser med kristent tekstinnhald.
Klassisk preg
Det musikalske uttrykket har eit tydeleg klassisk preg. Stemma til Størdal er slank, men kontrollert, og sjølv om ho prøver å nærma seg ein slags folkemusikkstil ved å legga til ein del ornament til melodiane, er likevel dette langt frå det dei fleste vil rekna som folkemusikk. Og det er når ho held seg til eit klassisk songideal at formidlinga verkar mest truverdig. Også arrangementa for fiolin, cello og klaver er gjennomkomponerte i ein klassisk bruksmusikalsk stil som ikkje er så lett å plassera, men det er i alle fall tydelege spor av impresjonisme og varsame lån av populærmusikalske element.
Politisk tolking
Tekstleg er tematikken ikkje berre knytt til idyllen rundt det vesle barnet i stallen, men like mykje rundt uskuldige menneske som er på flukt frå vald og krig. Tittelen Julefred over jorda vert såleis meir enn ei julekortaktig stemning, og han vert gjeven ei politisk tolking. Også dei musikalske arrangementa fylgjer opp denne alvorsame tilnærminga til jula, og ofte er dei såpass intense at dei verkar forstyrrande.
Songane er solid framførte, og det er rosverdig å trekka fram og omsetja – for dei fleste av oss – ukjende julesongar. Men plata er krevjande og heilt ueigna som bakgrunnsmusikk. Den som tek seg tid til å lyda nøye, kan finna mykje oppbyggjeleg her.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.