Alveland-draumar

Olav Aukrust og Arne Garborg møter The Mamas and the Papas.

Svevngangarane er Kjetil Schjander Luhr (t.v.), Jo Hegle Sjøflot og Marte Gauneb.
Svevngangarane er Kjetil Schjander Luhr (t.v.), Jo Hegle Sjøflot og Marte Gauneb.
Publisert

Nemninga vise er ikkje moterett– kven lanserer seg i dag som visesongar? –?men sjangeren blømer, no med debutalbumet til trioen Svevngangar. Likar du viser frå 1960-åra, som «California Dreamin’» (1965)? Av di The Mamas and the Papas toppa hitlistene, gløymer me gjerne at dei og andre populære folk- og folkrock-artistar hadde eit sterkt historisk medvit om folkemusikktradisjonane dei vidareutvikla.

Vene harmoniar

Svevngangar minner oss om det. Den på mange vis skulerte trioen har dei same vene vokalharmoniane, tidlause melodiane og sorgmuntre livskjenslene – og det musikkhistoriske medvitet. Instrumenteringa liknar òg: banjo, tamburin, dobro, trekkspel, trøorgel, indisk sitar. Legg til langeleik og nykelharpe og ein har Svevngangar-ljoden: nordic folk – sett bort frå at folk på norsk heiter vise.

Tekstleg medvit har Svevngangar òg – det høyrer til sjangeren. Frå den rike tradisjonalismen i norsk lyrikk presenterer dei kjende og ukjende dikt av Arne Garborg, Tor Jonsson, Olav Aukrust og Olav H. Hauge – i lag med eigne og andre sine attdiktingar frå engelsk poesi og kyrkjehistoria.

Trus- og målmedvit

Trua er endå ein tradisjon Jo Hegle Sjøflot, Marte Gautneb og Kjetil Schjander Luhr grev fram. At dei har musikalsk og annan bakgrunn frå eit dominikanarkloster i Oslo, gjer dei annleis. Visegjennombrotet i Vesten for 60 år sidan hang i hop med eit politisk medvit. Den religiøse dimensjonen i folkemusikktradisjonen vert no her heime på uvant vis fornya av menneske frå Majorstua.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement