Alternativ korpsmusikk
Hummar og kanari – alt skal med!
Øyvind Skarbø, dei faste medlemene og gjestene i skulekorpset freser igjennom 14 låtar på 30 minuttar og 7 sekundar, og ved første gjennomlytting stiller ein seg spørsmålet – kva er poenget? Spørsmålet byggjer på premissen at ein ikkje kan samla eit så råsterkt lag utan å gje dei solistisk armslag, men Skarbø ville ikkje vore seg sjølv om han ikkje tok skulekorpset på stadig nye eventyr.
Dette er ikkje eit ensemble som forskar i og utviklar 14 frittståande komposisjonar. Dugnad er eit opus der dei fjorten delane er med på å fargeleggja omgjevnadene. Når grooven har festa seg og skapt forventning, hastar Skarbø vidare. I det lengste kuttet på plata, «Triple F», har han spleisa kontrasterande kompositoriske fragment inn i ein kontemplativ ballade.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.