Alternativ korpsmusikk

Multitalentet Øyvind Skarbø har gjort det igjen.

Publisert

Dei som knyter Øyvind Skarbø til improvisasjonsprosjekta 1982, BMX, Bly The Blyant og Inland Empire, vil få seg ei overrasking. Skarbø skulekorps er alt dei nemnde prosjekta ikkje er. Likevel har ikkje Skarbø late att improvisasjonsdøra. Med eit så flott band ville det vore stor synd.

Lappeteppe

Skarbø har spelt i skulekorps, og han grunngjev namnet og konseptet Skarbø skulekorps med den ekstreme hummar-og-kanari-tenkinga som ligg til grunn for repertoarvalet i korpsmusikken, der ein går frå John Philip Sousa til Lionel Ritchie utan å blunka. Visst er plata eit lappeteppe av sjangrar og stiluttrykk, og Skarbø legg mykje arbeid i å lekamleggjera gimmicken, men avkledd all staffasje, er dette Skarbøs sveineprøve som komponist, arrangør og produsent. Til det siste har han fått god hjelp av Jørgen Træen.

Tesla-hylling

Plata opnar med Nikola Tesla-hyllinga «1-555-3327» der Real Ones-trioen gjev til beste vokalharmoniar i beste C,S,N&Y-stil. «Turnamat» er ein funklåt som hentar inspirasjon frå Herbie Hancocks Headhunters-univers, med eit lyrisk mellomspel før korte, men fine kor av Omenås og Lauvdal. Ein klarinettintro sjøset «Pilabue», den flottaste låten på plata. Lindström understrekar dette poenget med eit strokent pedal-steel-kor. I «Farrier And The Hoof» viser komponisten Skarbø seg frå ei meir intrikat side der han blandar stilelementa elegant saman til det som står fram som det mest heilstøypte på plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement