Alternativ dansemusikk

Marthe Lea overraskar som komponist.

Publisert

I møte med musikken til Marthe Lea kom eg i hug ei herme etter Harald Sæverud: «Jeg lager mine folketoner selv.» Det gjer så visst Lea også. Sagt på ein annan måte: Musikken ho lagar, har ei folkemusikalsk åre, men inspirasjonen hoppar frå kontinent til kontinent. Tyngdepunktet ligg likevel på det afrikanske kontinentet.

Eit anna særmerke er at Lea gjev bandet stort spelerom. Ho har skrive sju flotte låtar, nokre av dei med hitpotensial, men kvintetten tek musikken i dei mest uventa retningar. I valsen «Jysla jysla» blir det fengande temaet avbrote eit par gonger av eit mannskor på utdrikkingslag etterfølgt av eit ad lib-parti, før ein vender attende til temaet.

På tittelsporet går ein frå ein lang japanskinspirert intro til dansemusikk ein kunne finna ved hoffa i seinmellomalderen og rennesansen. I den gnawainspirerte «Sakina» kjem alle krumspringa medan grooven går. Egil Kalman er det solide ankerfestet i den vestafrikanskinspirerte «Bølgebryter».

Kjørstad og Lea (på gitar) spelar det nydelege temaet på balladen «Elgens hverdag», og førstnemnde improviserer vakkert oppå eit skiftande sett av ostinat. Plata blir avslutta med den muntre og mangfaldige «Sneaky Sneaky» – ein låt som har følgt bandet frå byrjinga.

Som komponist er Lea på det mest spanande med opningssporet «Kedi» – både tonalt og rytmisk spenstig. Her viser også Hulbækmo kvifor han er ein så etterspurd trommeslagar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement