Alt anna enn Armageddon
Doomsday Preppers prioriterer musikalsk samtalekunst.
Bandet som har henta namnet sitt frå den amerikansk realityserien Doomsday Preppers, er ute med oppfølgjaren til debuten Helter Shelter frå 2018. Det musikalske uttrykket held dei fast på, men det er eit mykje meir samspelt band me møter på 2020.
Framleis hentar bandet inspirasjon frå ulike epokar i jazzen i tillegg til europeisk kunstmusikk, men med 2020 er samspelet og dei mange finurlege arrangementsdetaljane berande element. Uttrykket er blitt endå meir avslappa og leikent.
Opningssporet «The Dawg» av Solvang gjev oss meir enn eit hint om kva som er i vente. Temaet gjev assosiasjonar til cooljazzen, men i dei improviserte partia går dei frå det frie til det meir konvensjonelle som den mest naturlege ting i denne verda.
På sitt absolutt mest leikne er dei på Bjørgos «Øks og Pokal». Det Köster og Nesheim held på med her, er ei salig blanding av humor og musikalsk telepati. På «After The Storm» er dei på sitt mest lyriske og står i kledeleg kontrast til den meir eksperimenterande «Kontrabass Etüde Nr. 31».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.