Allsidig
Johan Kvandals romansar for sopran og klaver syner eit imponerande stilistisk og uttrykksmessig spenn.
Den norske komponisten Johan Kvandal (1919–1999), her fotografert i Hamburg i 1974.
Foto: Privat
Henrik Wergelands «Til min Gyldenlak» er eitt av dikta der orda har så mykje musikk i seg at det kan synast overflødig å tonesetja det. Likevel er det denne songen som sit lengst i etter å ha høyrt Isa Katharina Gericke og Joachim Knophs album med Johan Kvandals romansar for sopran og klaver.
Kvar komposisjon over eit dikt er samstundes ei tolking av diktet, og komponisten si «omsetjing» til musikk kan bli for tydeleg, for inngripande, særleg når det gjeld filigran poesi som Wergelands verk. Det blir som sommarfuglvengen du freistar å gripa: Uansett kor varsam du er, risikerer du å øydeleggja han.
Tidlaust
Men romansen «Til min Gyldenlak», op. 9 nr. 4, kan stå som døme på korleis det skal gjerast. Stykket, som kan ha blitt til i høve 100-årsmarkeringa for Wergelands død (altså i 1945), får fram det tidlause i betraktningane kring døden og livet: kring venleiken som held fram sjølv om mennesket som ovundrar han, atter er blitt til molda «hvoraf alt er skabt».
For å uttrykkja dei store tankane i det vesle lèt Kvandal klaveret tre tilbake for ein uttrykkssterk melodi i sopranen. Han nyttar den gjennomkomponerte forma frå tysk liedtradisjon, der kvar strofe får si eiga tonesetjing. Dette gjer ei grannsamt kontrollert musikalsk utvikling mogleg.
Gode tolkingar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.