Aldri fred å få

St. Vincent har laga eit intenst popalbum utan dødpunkt.

St. Vincent er inspirert av David Bowie på mange vis.
St. Vincent er inspirert av David Bowie på mange vis.
Publisert

St. Vincent held fram med å lage vilt eklektisk, medrivande musikk av ypparste slag, og årets utgiving, Masseduction, stadfestar at ho er mellom dei skarpaste og mest interessante artistane som funklar frå stjernehimmelen i popåret 2017. Aldri eit sekund er det keisamt, og til alt overmål får Annie Clark, som er artistens eigentlege namn, til å teikne eit slåande bilete av vår eiga tids mange sjukdomssymptom.

På reise

Når Masseduction har vorte til på reise, er det fordi Clark har riksa planeten rundt storparten av dei siste åra, og levt eit uroleg liv. Ein kan merke dette på materialet. Plata er intens og kjennest tidvis som ei emosjonell berg-og-dalbane – eksaltert i det eine sekundet, så rastlaus, følgd av glimt av råkande lengt og fortviling. Ikkje sjeldan skildrar songane også i ord og tone ei slags utmatting, ei kjensle av nært føreståande kollaps.

Fleire gonger får den massivt talentfulle Clark plass til meir enn ei av desse stemningane i ein og same song, og det utan at det verkar tvungent. Høyr berre på frenetiske «Pills», der ei hektisk dosering eskalerer frå vers til vers, i ein treffande karakteristikk av ei tidstypisk, oppskrudd livsstilsmedisinering. Klimakset kjem når songen munnar ut i eit løftande balladeparti som teke rett ut av Bowie-katalogen.

Bowie kjennest i det heile som ein viktig referanse, ikkje berre musikalsk, men også i måten Clark tenkjer konseptuelt og performativt på som artist. Ho er god på teater. Sjekk berre den ferske musikkvideoen til fengande «Los Ageless», med satiren over kosmetisk kirurgi som ein slags klinisk spa-aktivitet, ein song som til same tid framkallar svart latter og ganske kalde gys, i alle fall hos meg.

Ustyrleg kreativitet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement