Aldri
fred å få
St. Vincent har laga eit intenst popalbum utan dødpunkt.
St. Vincent er inspirert av David Bowie på mange vis.
Rock
St. Vincent:
Masseduction
Loma Vista/
Concord/
Universal
St. Vincent held fram med å lage vilt eklektisk, medrivande musikk av ypparste slag, og årets utgiving, Masseduction, stadfestar at ho er mellom dei skarpaste og mest interessante artistane som funklar frå stjernehimmelen i popåret 2017. Aldri eit sekund er det keisamt, og til alt overmål får Annie Clark, som er artistens eigentlege namn, til å teikne eit slåande bilete av vår eiga tids mange sjukdomssymptom.
På reise
Når Masseduction har vorte til på reise, er det fordi Clark har riksa planeten rundt storparten av dei siste åra, og levt eit uroleg liv. Ein kan merke dette på materialet. Plata er intens og kjennest tidvis som ei emosjonell berg-og-dalbane – eksaltert i det eine sekundet, så rastlaus, følgd av glimt av råkande lengt og fortviling. Ikkje sjeldan skildrar songane også i ord og tone ei slags utmatting, ei kjensle av nært føreståande kollaps.
Fleire gonger får den massivt talentfulle Clark plass til meir enn ei av desse stemningane i ein og same song, og det utan at det verkar tvungent. Høyr berre på frenetiske «Pills», der ei hektisk dosering eskalerer frå vers til vers, i ein treffande karakteristikk av ei tidstypisk, oppskrudd livsstilsmedisinering. Klimakset kjem når songen munnar ut i eit løftande balladeparti som teke rett ut av Bowie-katalogen.
Bowie kjennest i det heile som ein viktig referanse, ikkje berre musikalsk, men også i måten Clark tenkjer konseptuelt og performativt på som artist. Ho er god på teater. Sjekk berre den ferske musikkvideoen til fengande «Los Ageless», med satiren over kosmetisk kirurgi som ein slags klinisk spa-aktivitet, ein song som til same tid framkallar svart latter og ganske kalde gys, i alle fall hos meg.
Ustyrleg kreativitet
Ikkje minst tenkjer eg på Bowie når eg ser den omskiftelege personaen Clark har funne i «St. Vincent», som gir henne sjansen til å spele fleire roller, inkludert rolla som seg sjølv. Artisten har kalla Masseduction ei «førstepersonsplate»: «Du får ikkje til å faktasjekke noko, men om du vil vite noko om livet mitt, lytt til dette albumet», seier ho i pressemeldinga frå plateselskapet. Eit omfattande portrettintervju i The New Yorker for nokre veker sidan stadfestar at Clarks liv er fullt av turbulens, men også nærast ustyrleg kreativitet.
Det er ein bra gjeng med kremfolk som er med på å løfte Masseduction til eit så framifrå popalbum. Saksofonen du høyrer, er det ingen ringare enn Kamasi Washington som spelar på. Ved pianoet sit Thomas Bartlett (The National, The Gloaming, Antony and the Johnsons), ein musikar Clark kjenner frå tida i bandet til Sufjan Stevens. Jenny Lewis syng med, og ein av steelgitaristane her er superveteran Greg Leisz. Kvalitet i alle ledd, med andre ord.
Albumet kjem ut 13. oktober.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?