Musikk

Akustikk og elektronikk

Finding Shore byr på pianoimprovisasjon og teknologi i harmonisk samspel.

Publisert

Den første plata eg melde i 2017, var Reflection av Brian Eno, som sjølv om ho var ei framifrå lyttaroppleving i seg sjølv, i grunnen var ein demoversjon av det eigentlege prosjektet: Ein app som genererer eit potensielt uendeleg stykke vertikal musikk. Det ergerlege er at appen stadig berre finst til Apples iOS, så vi ikkje-Apple-brukarar lyt nøye oss med den timen med musikk som er presentert på plata – som trass i at han er generert med same algoritme som den generative musikkappen, og er eit resultat av dei vilkårlege metodane Eno er kjend for, er statisk.

Digital omsetjing

Finding Shore er tufta på andre prinsipp for å skape ny musikk: Pianisten Tom Rogerson klimprar fritt på pianoet, medan ein obskur, elektronisk dippedutt kalla Moog Piano Bar plukkar opp og omset tangentrørslene til MIDI-signal. Eno bruker desse digitale omsetjingane til å trigge ymse lydar på forskjellig vis. Akustisk improvisasjon og teknologisk manipulasjon i tett samspel, med andre ord.

Heilskapleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement