Aksjonistdisco
Eks-Nirvana-trommis gjer skam på konservativt trongsyn med discoklede, discomusikk og discoglede.
Pressefoto: Magdalena Wosinska
Dave Grohl er frontfigur i Foo Fighters, som vanlegvis spelar tung poprock. Under monogrammet Dee Gees spelar dei discolåtar av Bee Gees, og Hail Satin inneheld halvt om halvt kompetente Gee-coverversjonar og live-i-studio-Foo-materiale.
Dersom ein løftar på lakenet, viser det seg at ordspelet i tittelen ikkje berre er ein overflatisk rockehyllest til silkemjuk, neonlyst danseglede. Her blir det drive harselas med fenomenet «satanic panic»: kristne fundamentalistar sin stadig gjentakande tendens til å forveksle kulturell nyvinning og inkludering med vegen til helvete. Denne undertrykkande tradisjonen inkluderer mykje fælt, til dømes inkvisisjonens antivitskap, folkemordet i Amerika, dei paranoide og misogynistiske heksejaktene på begge sider av Atlanterhavet, trua på at rockeband som Led Zeppelin var instrument for Gamle-Eirik sjølv, og fordømminga av dans. I vår tid, med reversering av abortrettar og storstila hat mot LHBTQIA+-rørsla, er stoda skremmande lik – her heime kosar enkelte seg stadig med å brenne heksefigurar på sankthansbålet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.