JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Akrobatisk trekkspelkunst

Eriksen balanserte det akrobatiske og det kunstnarlege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2110
20200710
2110
20200710

GAMALDANS / POPULÆRMUSIKK

Erling Eriksen:

Volum 1–6. Egne komposisjoner

Aksent

Trekkspelet er eit mangfaldig instrument: Det finst mange typar trekkspel, og repertoaret spenner frå enkle dansemelodiar til samtidsmusikk. Samstundes som instrumentet er svært populært, er det òg eit av dei mest stigmatiserte – noko dei mange trekkspelvitsane vitnar om. Eit anna paradoks er at trekkspelet er eit typisk nybyrjarinstrument, samstundes som det vert traktert av svært virtuose musikarar uansett stilart. Nolevande døme på trekkspelarar som kombinerer høg underhaldingsfaktor, musikalitet og virtuositet, er Stian Carstensen, Frode Haltli og Heine Bugge.

Ein av dei viktigaste representanten for denne stilen er Erling Eriksen (1919–1996). På repertoaret stod dansemusikk – både norsk/svensk gamaldans, samba og tango. Dessutan spelte han klassiske svisker, alle slags populære melodiar og jamvel jazz.

Uansett stil er spelet prega av ein uvanleg teknisk virtuositet, men utan at det verkar påtrengande. Musikaliteten og roa i spelet gjer at Eriksen på meisterleg vis maktar å balansera det akrobatiske med det kunstnarlege.

Eriksen hadde si glanstid mellom 1940 og 1960, og han var populær både som dansespelemann og som konsertmusikar. Han gav ut plater og dukka ofte opp i kringkastinga. Når Håvard Svendsrud, som sjølv er ein glimrande trekkspelar, gjev ut heile seks plater med Eriksen (den første som CD, og resten i heildigital versjon), er det ein viktig del av norsk musikkhistorie som atter vert gjord tilgjengeleg.

Og medan ein lyder til desse platene, kan det òg vera på sin plass å finna fram boka til Arild Hoksnes frå 1988: Vals til tusen. Gamaldansmusikken gjennom 200 år. Dette er ein del av musikklivet som ofte har vore tilkjent lågare status fordi han verken er «rein» folkemusikk, klassisk eller jazz, og dessutan populær. Men nettopp difor er det eit interessant fenomen, både som lyd og som sosiokulturelt uttrykk.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis