Abstrakt venleik
Ensemble Barockin’ får fram improvisasjonen bak Bachs musikalske offer.
Utsnitt frå «Fredrik den stores fløytekonsert i Sanssouci» (1852), måla av Adolph von Menzel (1815–1905).Utsnitt frå «Fredrik den stores fløytekonsert i Sanssouci» (1852), måla av Adolph von Menzel (1815–1905).
Johann Sebastian Bach (1985–1750) nytta vanlegvis nøkternt-informative titlar som «seks sonatar», eller understatement som «klaverøving», for å namngi instrumentalverka sine. Musikalisches Opfer er derimot vakkert, med mest religiøs og mystisk klang. Men det var ikkje Himmelfyrsten Bach dediserte verket til, men ein verdsleg fyrste, nemleg kong Fredrik II «den store» av Preussen (1712–1786).
Dette «musikalske offeret» er ein underleg komposisjon som er open for ulike framføringsmåtar, og det tyske Ensemble Barockin’ gjev oss her ein heilstøypt og tidvis livfull freistnad på å realisera det. Omgrepet realisera kan klinga vel tørt når me talar om å tolka eit musikkstykke. Men i denne samanhengen høver det, av di dette er ein av Bachs mest teoretiske komposisjonssyklusar: Han interesserer augo til musikkteoretikaren like mykje som han gler øyro til musikkestetikaren.
7. mai 1947
Musikalisches Opfer har ein underleg abstrakt venleik. Likevel er bakgrunnen for syklusen uvanleg konkret til Bach å vera. Han består av to fugar for klaver (kalla «ricercar») og éin stor triosonate for traverso, fiolin og basso continuo, i tillegg til ti kanonar, altså stykke der to eller fleire stemmer framfører same melodi. Utgangspunktet for det heile er det såkalla tema regium. Dette få taktar lange «kongelege temaet» fekk Bach presentert under ei reise til Berlin av Fredrik den store personleg, faktisk på denne dagen for 274 år sidan (7. mai 1747).
Kongen ville at Bach, som var kjend som si tids største kontrapunktikar, skulle improvisera ein trestemmig fuge over temaet på klaveret. Det fekk han godt til. Men kongen, som sjølv var ein kompetent fløytespelar, gav seg ikkje. Han ville no høyra ein fuge med seks stemmer. Bach var openbert ikkje heilt nøgd med resultatet: «Eg la fort merke til at det trongst grundigare førebuing for å handsama eit så utmerka tema», skreiv han seinare, og han bestemte seg der og då for å «utarbeida dette retteleg kongelege temaet meir fullkome og gjera det kjent for verda på prent».
Nytt liv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.