Absolutt kommunikasjon

Stor musisering i lite format.

Ingrid Laubrock (t.h.) og Kris Davis.
Ingrid Laubrock (t.h.) og Kris Davis.
Publisert

Den tyske saksofonisten Ingrid Laubrock (1970) har samarbeidd med den ti år yngre kanadiske pianisten Kris Davis i tolv år gjennom gruppene Paradoxical Frog og Anti-House. Dette er det første duosamarbeidet dokumentert på plate. «Eg veit ikkje om mange eg kunne ha gjort dette med, andre enn Kris», seier Laubrock på omslaget. «Musikalsk er me tvillingsjeler.»

Døma på tett, ja, nærast telepatisk kommunikasjon i jazzsoga er mange, men nokre samarbeid står fram også i denne samanhengen. Duoen Laubrock/Davis er eit døme på slik ekstraordinær kommunikasjon. Både timinga og måten dei utviklar den musikalske samtalen på, er unik. Om ein ikkje visste betre, kunne ein få inntrykk av at alt er notert, og mykje er nok skrive, men sjølv i improvisasjonssekvensane er den overordna komponerte forma med å styra vala dei gjer. Uttrykket tvillingsjel er ein realitet og ikkje berre ein klisjé.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement