Å bryte stilla
Jessica Lea Mayfield byd på sterke, nye songar.
Jessica Lea Mayfields nye album kjem ut i dag.
Då Jessica Lea Mayfield i sommar hamna på sjukehus med ei skada skulder, enda ho med å skrive om det på Instagram. «My silence helps no one except the person who did this to me», stod det å lese i meldinga ho la ut 10. juli.
Det er kanskje ikkje til å unngå at mange lyttarar tenkjer på desse vonde hendingane når dei lyttar til tittelsporet på Mayfields nye album Sorry Is Gone. Eg er ferdig med å synest synd på meg sjølv, syng artisten – «I’m sorry, but sorry is gone». No er ho åleine, og songen handlar om den samansette kjensla av ei frigjering som både er naudsynt og smertefull. «It will happen again», skreiv Mayfield på Instagram den gongen i juli: «Leave after the first time.»
Å synge om det å vere fanga i eit valdeleg forhold må vere ufatteleg vanskeleg, men av openberre grunnar kan det spele ei viktig rolle i andre menneskes liv når ein vel å gjere det. Ei av dei sterkaste platene i seinare år, Sharon Van Ettens Are We There (2014), makta å løfte fram problem som det er fleire som slit med enn det vi likar å tenkje på.
Stort alvor
«Safe 2 Connect 2», eit av dei sentrale spora på Sorry Is Gone, er slåande i si sondering rundt føresetnadene for mellommenneskelege relasjonar i vår tid. Her, og i ein song som «Meadow», møter vi ein forteljar som både insisterer på å vere åleine, og som prøver å bryte ut av si eiga einsemd. Under lurer vår eiga tids kommunikasjonsteknologi, og ikkje minst dei sosiale media, som altså også gjorde Mayfield i stand til å dele opplevingane sine på ein måte som ikkje hadde vore mogleg berre for få år sidan.
Alvoret er gjennomgåande stort i desse songane, med andre ord. På Sorry Is Gone viser Mayfield seg frå ei spissare, meir kontant og direkte side, både i tekstar og musikalsk, enn før. Somme lesarar vil kjenne til den fine plata ho laga saman med Seth Avett, Seth Avett and Jessica Lea Mayfield Sing Elliot Smith (2015), og Avett er med også her. Det er John Agnello som har produsert denne gongen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.