Å bryte stilla
Jessica Lea Mayfield byd på sterke, nye songar.
Jessica Lea Mayfields nye album kjem ut i dag.
Rock
Jessica Lea Mayfield:
Sorry Is Gone
ATO/Border
Då Jessica Lea Mayfield i sommar hamna på sjukehus med ei skada skulder, enda ho med å skrive om det på Instagram. «My silence helps no one except the person who did this to me», stod det å lese i meldinga ho la ut 10. juli.
Det er kanskje ikkje til å unngå at mange lyttarar tenkjer på desse vonde hendingane når dei lyttar til tittelsporet på Mayfields nye album Sorry Is Gone. Eg er ferdig med å synest synd på meg sjølv, syng artisten – «I’m sorry, but sorry is gone». No er ho åleine, og songen handlar om den samansette kjensla av ei frigjering som både er naudsynt og smertefull. «It will happen again», skreiv Mayfield på Instagram den gongen i juli: «Leave after the first time.»
Å synge om det å vere fanga i eit valdeleg forhold må vere ufatteleg vanskeleg, men av openberre grunnar kan det spele ei viktig rolle i andre menneskes liv når ein vel å gjere det. Ei av dei sterkaste platene i seinare år, Sharon Van Ettens Are We There (2014), makta å løfte fram problem som det er fleire som slit med enn det vi likar å tenkje på.
Stort alvor
«Safe 2 Connect 2», eit av dei sentrale spora på Sorry Is Gone, er slåande i si sondering rundt føresetnadene for mellommenneskelege relasjonar i vår tid. Her, og i ein song som «Meadow», møter vi ein forteljar som både insisterer på å vere åleine, og som prøver å bryte ut av si eiga einsemd. Under lurer vår eiga tids kommunikasjonsteknologi, og ikkje minst dei sosiale media, som altså også gjorde Mayfield i stand til å dele opplevingane sine på ein måte som ikkje hadde vore mogleg berre for få år sidan.
Alvoret er gjennomgåande stort i desse songane, med andre ord. På Sorry Is Gone viser Mayfield seg frå ei spissare, meir kontant og direkte side, både i tekstar og musikalsk, enn før. Somme lesarar vil kjenne til den fine plata ho laga saman med Seth Avett, Seth Avett and Jessica Lea Mayfield Sing Elliot Smith (2015), og Avett er med også her. Det er John Agnello som har produsert denne gongen.
Røyst som instrument
«Safe 2 Connect 2» er ein akustisk ballade, medan «Meadow» skrur seg til som ein heilelektrisk rockar. Mitt første møte med Mayfield kom med Dan Auerbach-produserte, knappe With Blasphemy So Heartfelt (2008), og det er påfallande kor mykje større register ho har fått. Ho er verkeleg i stand til å fange ulike sinnsstemningar og tilstandar ved å bruke røysta si som instrument. Sorry Is Gone fortel om kjensla av å vere på utrygg grunn, men vitnar om ein artist som er tryggare på seg sjølv enn nokon gong.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø