Musikk

50-50

Melvins’ nye plate byr på halvt om halvt med fengjande riffing og abstrakte lydkollasjar.

Publisert

Rock

Det Black Sabbath-inspirerte sludgemetalbandet Melvins har halde det gåande sidan 1983. A Walk With Love and Death er det første dobbeltalbumet deira. På den eine plata, som blir kalla Death, syner bandet seg frå ei relativt mjuk – men absolutt hardtslåande – og tilgjengeleg side. Enkeltelementa læt ofte overraskande velkjende – tenk prog og klassisk rock à la 70-talet. Men det heile er utført med stor finesse og originalitet. Fengjande vokalliner blir underbygde av pumpande bassing og tung gitarriffing saumlaust samansydd av tett trommespel.

eksperimentelt

På den andre plata, Love, får vi høyre Melvins i det eksperimentelle, meir abstrakte hjørnet. Her blandar bandet skisseaktige trommeopptak og syntsnuttar med opptak av tilsynelatande usamanhengande samtalar, trafikkstøy og lyden av vêr og vind. Sidan musikken på Love har mykje til felles med samtidsmusikk, støy og friimprovisasjon, vil nok den fengjande rocken på Death bli langt flittigare lytta til, men dei to delane utfyller kvarandre på merkeleg vis: Sistesporet på Death, «Cardboro Negro», blir runda av med ein ekskursjon inn i lausare rytmiske og tonale landskap, og utgjer ein flytande overgang til dei abstrakte lydkollasjane på Love, som i sin tur blir avslutta med eit hint tilbake mot meir handfaste rockerytmar.

lyspor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement