¿ Verdsmusikk

Det er eksotisk dåm over Oslo-Filharmoniens nye Rimskij-Korsakov-album.

Russiske Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844–1908), måla av Valentin Serov i 1898.
Russiske Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844–1908), måla av Valentin Serov i 1898.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Russaren Nikolaj Rimskij-Korsakov kjende verkeleg til klangkvalitetane hjå dei ulike orkesterinstrumenta. Meir enn nokon annan kunne han den høge kunsten å instrumentera: Like virtuost som ein god impresjonistisk målar visste å nytta alle fargane på paletten sin, greidde han å måla med klangfargar i partitura sine.

Likevel manglar det aldri klåre melodiliner i verka hans, skolert som han var i barokk- og wienerklassisk stil. For slik ein klassisk skolert målar må kunna teikna for å gje motiva sine form, meistra Rimskij-Korsakov dei kontrapunktiske strukturane som dannar skjelettet i den klassiske kunstmusikken.

Spansk

Kva så med stilen i orkesterverka hans? På Oslo-Filharmoniens nye album, der den nyss avgåtte russiske sjefdirigenten Vasilij Petrenko står på podiet, møter me både den heimslege og den kosmopolitiske komponisten. For etter å ha utdanna seg til marineoffiser ved militær­akademiet i St. Petersburg la han ut på ei fleire år lang jord­omsegling. Denne gav han røynsler med og innsikt i framande kulturar på ein måte få andre komponistar hadde den gongen.

Til uttrykk kjem dette i det fyrste stykket på plata, den femdelte orkestersuiten Capriccio Espagnol, op. 34 (1887), som oslofilharmonikarane spelar friskt og humørfylt. Her er ikkje berre dei musikalske temaa henta frå spansk folkemusikk; i partituret er òg det føreskrive at orkesteret skal etterlikna klangen og spelestilen til spanske instrument. Tydelegast er dette i fjerde­satsen «Scena e canto gitano» («Scene og sigøynarsong»), der fiolin- og bratsjstemmene er merkte med «quasi guitara».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement