Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Truger i skare

Nils Henrik Asheims korverk Muohta kling kaldt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det Norske Solistkor.

Det Norske Solistkor.

Foto: Lars Erlend Tubaas Øymo

Det Norske Solistkor.

Det Norske Solistkor.

Foto: Lars Erlend Tubaas Øymo

3092
20200828
3092
20200828

Lytt til artikkelen:

CD

Lars Petter Hagen, Nils Henrik Asheim, Arne Nordheim:

Lament

Det Norske Solistkor;
Ensemble Allegria;
dir.: Grete Pedersen. BIS 2020

Tre sentrale norske komponistar, to levande og éin død, står på repertoaret på Solistkorets nye album, som har namn etter det fyrste verket på plata: Lars Petter Hagens (fødd 1975) Lament frå 2015. Stykket for kor, perkusjon og elektronikk byggjer på eit dikt den amerikanske poeten E.E. Cummings skreiv som seksåring. (Det må ha vore i år 1900.)

Diktet seier meg lite. Men det gjer ikkje så mykje, for orda blir kløyvde og trekte så langt ut i tid at dei kverv bort. Klangeffektane er derimot tiltalande og tidvis gripande, særleg dei vokale. I fyrste­satsen er den roleg bølgande lyden av Solistkorets perfekt intonerte songarar uhyggjeleg klår, og dei kvasse overtonane i andresatsen skjer som sirkelsager i hugen.

Tre språk

Lars Petter Hagens ekstremt horisontale skrivemåte i Lament, der bøyinga og tøyinga av den kompositoriske substansen stoggar forlaupet, er typisk for stilen hans. Slik sett spelar dei to andre komponistane på plata på fleire parameter. Det største verket er Arne Nordheims (1931–2010) Aurora for kor, fire solistar, to slagverkgrupper og elektronikk frå 1984. Her er teksten meir substansiell. Komponisten kombinerer nemleg den siste songen i Dantes Gudommelege komedie med Bibelens 139. salme, den som byrjar med orda «Herre, du ransakar meg og du veit – du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar». Guds blikk ovanfrå i salmen blir slik kontrastert med komediediktarens blikk opp mot Gud og det guddommelege ljoset.

Tre språk er å høyra: Latin og hebraisk i salmen, og italiensk hjå Dante. Denne tette, substansielle komposisjonen syner Nordheim på sitt beste, med lyriske passasjar som blandar seg godt med «hardare» modernistiske parti.

18 ord for snø

Det mest særmerkte verket er nok Nils Henrik Asheims (fødd 1960) Muohta (2017) for åtte­stemmig kor og strykeorkester, her med dei dyktige strykarane i det norske Ensemble Allegria. Verktittelen, muohta, er hovudnemninga for snø på samisk, og dei 18 stutte satsane har namn etter like mange samiske ord som kvar på sin måte har noko med snø å gjera. Samanhengen blir skildra i omslagsheftet.

Spesielt fengande er sistesatsen «Njeadggahat», eit ord som er forklart som «[et] sted der vinden har dekket til med snø». Det er som me gjennom den lagvis delte besetninga høyrer dei ulike sjikta av luft, snø, lav, stein og jord – og det kling kaldt. Måten Asheim her nyttar strykarane på, med kvasse, pulserande akkordar, minner om lyden av truger gjennom sprø skaresnø. Om det er medvite eller ikkje, veit eg ikkje, men satsen får meg til å tenkja på den såkalla frostscena i tredje akt av Henry Purcells opera King Arthur frå 1691.

Muohta er eit vellukka verk, underfundig og skifterikt. Så blei det då òg utmerkt med Nordisk Råds Musikkpris i 2018.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast ­musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis