🎧 Salongfähig
Kringkastingsorkesteret spelar Otto Winter-Hjelms to symfoniar med driv.
Den norske komponisten Otto Winter-Hjelm (1837–1931).
Foto frå CD-omslaget
Lytt til artikkelen:
CD
Otto
Winter-
Hjelm:
Complete Symphonies
Kringkastingsorkesteret; dir.: Miguel Harth-Bedoya. Simax 2020
Få norske musikarar var like uthaldande som Otto Winter-Hjelm. Han byrja med å gje klavertimar i 1850-åra og gav seg ikkje før i 1921, då han som organist gjekk av med pensjon, 84 år gamal. Musikkhistorisk er han viktig av di han var den fyrste norskfødde komponisten som gav seg i kast med symfonien, den største og edlaste forma for instrumentalmusikk. På denne fine plata gjev Kringkastingsorkesteret under leiing av sjefdirigenten Miguel Harth-Bedoya oss dei to symfoniane hans, som begge blei til i 1860-åra.
Engasjerte gestar
Winter-Hjelm var eit privilegert barn av embetsmannsstaten, fødd i Oslo som son av ein høgsterettsdommar og professor. Den fyrste musikkundervisinga skulle vel eigentleg berre gjera han salongfähig i hovudstadssosieteten. Men interessa tok overhand, og i 1857 gav han opp teologistudia og drog til konservatoria i Leipzig og Berlin.
I 1862 dirigerte hans sin Symfoni nr. 1 i B-dur i Logens store sal i Oslo. Denne fyrste «norskfødde» symfonien er eit typisk klassisk-romantisk verk som utstrålar ungdommeleg energi og verdsvand eleganse. Opninga av fyrstesatsen «Allegro non troppo» har patos av typen ein gestikulerande talar syner frå talarstolen. Etter den litt preglaust elegante tredjesatsen får finalesatsen oss til å retta ryggen igjen: Innleiinga med djupe strykarar og dissonerande treblåsarar er ei effektfull førebuing til jubelen som snart bryt laus, spelt med muntert overskot av Kringkastingsorkesteret.
Heilstøypt
Som gamal latinar var Winter-Hjelm ein grannsam mann på grensa til det penible. Det er bevart anekdotar om korleis han på besserwisser-maner korrigerte notane til komposisjonskollegaar – Richard Nordraak klaga til dømes over Winter-Hjelms «Næsvished» og «musikalsk-videnskabelige Øren» då han retta på ein av songane hans.
Det andre stykket på plata, Symfoni nr. 2 i h-moll (1862), syner ei sikker komponisthand når det gjeld både form, temahandsaming og instrumentering. Winter-Hjelm har her skapt det Harald Herresthal i omslagsteksten til albumet kallar «den første helstøpte norsk-nasjonale symfoni», for folkemusikalsk farga tema og motiv gjennomsyrer stykket. Særleg vellukka verkar finalesatsen «Allegro vivace»: Med polyfone teknikkar, slik han sikkert lærte det i Bach-byen Leipzig, gjer Winter-Hjelm her det norske melodistoffet salongfähig i møte med den klassisk-romantiske kunstmusikken.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.