¿ Porøse klangar

Veikskapen ved hammarklaveret er Ronald Brautigams styrke.

Den nederlandske pianisten Ronald Brautigam.
Den nederlandske pianisten Ronald Brautigam.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Ludwig van Beethoven (1770–1827) var sjeldan ute i tide. Det finst mange historier om at musikarane hans fekk utdelt noteark der blekket framleis var vått. Mest ekstrem var vel urframføringa av Klaverkonsert nr. 3 i c-moll, op. 37, ved Theater an der Wien i april 1803. Komponisten skulle vera solist og trong ei «bladlus», som er det me i musikarsjargongen kallar slike som blar i notane for pianisten medan han spelar.

Musikarkollegaen riddar Ignaz von Seyfried melde seg frivillig og mintest seinare at han fekk sjokk då konserten byrja: For at ei bladlus skal kunna bla på rett stad, må ho jo lesa med i notane. Men notane til Beethoven var ikkje berre ufullstendige, dei bestod for det meste av tomme ark med «einskilde små leietrådar i form av for meg uskjønelege, egyptiske hieroglyfar». Den riddarlege bladlusa var imponert: «Beethoven spelte mest heile solostemma etter minnet, for som vanleg hadde han ikkje hatt tid til å festa henne til papir på førehand.»

To flygel

Ei av dei finaste innspelingane av Beethovens fem klaverkonsertar kom i fjor, på eit dobbelalbum med pianisten Ronald Brautigam og det tyske orkesteret Die Kölner Akademi. Brautigam har gjesta Noreg fleire gonger. Eg opplevde han sist for halvtanna år sidan, då han spelte Beethovens andre klaverkonsert med Bergen Filharmoniske Orkester. Kombinasjonen av kunstnarleg intuisjon og intellektuell presisjon imponerte.

Hovudskilnaden mellom konserten i Grieghallen og innspelinga er at det på plata blir nytta kopiar av instrument frå Beethovens tid, noko som gjev musikken eit anna, lettare og meir porøst lydbilete. Særleg gjeld dette Brautigams to hammarflygel, som begge er av wienertypen Beethoven brukte sjølv: I konsert nr. 1–3 høyrer me eit Walter & Sohn-flygel frå 1805, og i konsert nr. 4 og 5 eit Conrad Graf-flygel frå 1819.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement