JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Orgelmeisteren frå Nürnberg

Johann Pachelbel komponerte meir enn berre den evinnelege kanonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Creutzburg-orgelet (1735) i St. Cyriakus-kyrkja i Duderstadt er eitt av instrumenta på CD-en.

Foto: Stefan Buchard

3009
20200508
3009
20200508

Lytt til artikkelen:

CD

Johann Pachelbel:

Complete Organ Works III

James David Christie, Michael Belotti og Christian Schmitt, orgel. CPO 2019

Talsymbolikken ville nok dei bibellærde i barokken nikka nøgd til: Det tredje albumet i plateselskapet CPOs Pachelbel-serie er eit trippelalbum der tre organistar spelar i tre kyrkjer i tre ulike land. På originalinstrument frå byrjinga av 1700-talet tek dei her føre seg kvar si verkform: fyrst koralpartitaar, altså variasjonar over kjende salmemelodiar, så pasjonsmusikk, og til sist ulike former for koralforspel.

Kven var så denne barokkomponisten, som me i dag vanlegvis assosierer med berre eitt spesifikt verk?

Bach-familien

Johann Pachelbel (1653–1706) frå Nürnberg høyrer til dei viktigaste meistrane i den sørtyske orgeltradisjonen. I løpet av livet kledde han stillingar ved mange viktige kyrkjer i tyske og austerrikske byar, mellom anna i Eisenach, J.S. Bachs heimby i Thüringen, der han var kollega med far til Bach, Johann Ambrosius. Bach sjølv var for ung til å få orgelundervisning av Pachelbel, slik den eldre broren Johann Christoph fekk. Likevel skulle orgelmusikken hans bli viktig for Bachs utvikling som komponist.

Medan Pachelbel i samtida var vidgjeten som orgelkomponist, er det i dag altså underleg nok kammermusikkstykket me kallar «Pachelbels kanon», som er blitt varemerket hans. I røynda heiter det Canone per 3 Violini e Basso. (Eit utal meir eller mindre vulgære moderne arrangement finst. Men den som ynskjer å høyra ei fin, historisk korrekt framføring, lyt skaffa seg albumet Canon & Gigue, som blei spelt inn av ensemblet Musica Antiqua Köln i 1983 og sidan er kome i mange opplag.)

Symbalar

Korleis er så tolkingane på den nye plata? Med Toccata i C-dur gjev amerikanaren James David Christie oss orgelbrus av det mektige slaget. Det er bylgjande driv over spelet hans, med briljante triller som slyngjer frasane framover. Pasjonsmusikken er det tyskaren Michael Belotti som tek seg av, og mest melankolsk er Ciaccona i a-moll. Til liks med den vidgjetne kanonen består denne av ei stutt bassline som går på «repeat», medan det stadig kjem nye variasjonar i overstemmene. Eg tykkjer Belotti kunne ha spelt ciacconaen med større rytmisk stringens, for utan stringens blir det ingen «groove» i slike variasjonsstykke.

Christian Schmitt, også han tyskar, framfører mellom anna koralforspelet til «Wie schön leuchtet der Morgenstern» (eller «Ei morgonstjerne klår og fin», som salmen heiter i Elias Blix’ omsetjing). Fraseringa hans er sofistikert; særleg lyt den fintmerkande fingerartikulasjonen hans framhevast. Slutten av dette koralforspelet byr elles på ei hyggjeleg overrasking: Den sylvklåre raslinga av ørsmå symbalar (metallplater), eit effektregister som er typisk for store barokkorgel av slaget albumet presenterer.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er
musikar, musikkvitar og
fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis