¿ Maria-hymner
Les Talens Lyriques spelar kjend og ukjend kyrkjemusikk med napolitansk vri.
Krossfestingsscene måla av Fra Angelico (ca. 1395–1455) i kapittelsalen til San Marco-klosteret i Firenze.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Lytt til artikkelen:
Ein av dei viktigaste og lengst eksisterande komposisjonsskulane i musikkhistoria er retninga me kallar «den napolitanske skulen». Han voks fram i fyrste halvdel av 1600-talet og kom på 1700-talet til å dominera operaen og kyrkjemusikken (særleg den katolske) langt ut over det italienske kulturområdet. Mellom musikkvitarane har det dei siste femti åra vore drøfta i kva grad denne skulen verkeleg skil seg frå annan italiensk musikk i samtida, til dømes den romerske eller den venetianske. Slik sett kan albumet til orkesteret Les Talens Lyriques, som blir leia av cembalisten Christophe Rousset, sjåast på som eit partsinnlegg.
På plata får me tre kyrkjemusikkverk av tre komponistar som var verksame i Napoli i fyrste helvta av 1700-talet. Og med utgangspunkt i det mest kjende stykket, Giovanni Battista Pergolesis (1710–1736) Stabat Mater (1726), freistar Rousset å syna at retninga verkeleg var ein skule: Alle komponistane var utdanna ved eitt av dei fire gamle napolitanske konservatoria, utdanningsinstitusjonar der det i over 150 år eksisterte ei ubroten lekkje av lærarar som hadde elevar som igjen blei lærarar.
Eldtunger
Alle stykka er for sopran og alt, her med franske Sandrine Piau som sopransolist og amerikanaren Christopher Lowrey som kontratenor (mannleg alt). Dei er gode kvar for seg, men det ein legg spesielt merke til, er kor suverent dei syng duettane. Lytt berre til det åttande avsnittet hjå Pergolesi, «Fac ut ardeat cor meum» («Fatn eld i hjarta mitt»), der røystene deira slyngjer seg som eldtunger tett kring den kontrapunktiske satsen.
Pergolesi er ein av dei få barokkomponistane som eignar seg til den romantiske myten om det tragiske kunstnargeniet: Ideen om den 26 år gamle komponisten som fullfører sitt eineståande Stabat Mater medan han ligg for døden, pregar oppfatninga vår av verket. Og stykket er genialt, på den same enkle, kjenslefylte måten som seinare skulle bli typisk hjå Mozart. Men høyrer me på stykka til dei to andre og eldre «napolitanarane» på plata, merkar me at Pergolesi fylgde førebileta sine tett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.