¿ Leiken Dylan
I 1965 smelta han saman rock og lyrikk. I 2020 smeltar han saman standardsongar og nobelprisdikting.
Dåverande president Barack Obama gjev Fridomsmedaljen til Bob Dylan i Det kvite huset i 2012.
Foto: Charles Dharapak / AP / scanpix
Lytt til artikkelen:
Ei veke etter utgjevinga førre fredag er det ferske dobbeltalbumet til Bob Dylan alt ein internasjonal kritikar- og publikumssuksess, mellom dei største til den snart 80 år gamle artisten og songpoeten. Rough and Rowdy Ways ligg no øvst på albumlista i Storbritannia, der det sel meir enn topp 5-albuma til saman. Med «Murder Most Foul», som kom i mars, ein 17 minutt lang resitasjon om mordet på president Kennedy i 1963, fekk Dylan sin fyrste fyrsteplass på den amerikanske singellista – «Like A Rolling Stone» nådde andreplass i 1965. Songane hans har elles nådd fleire fyrsteplassar, men då med andre songarar. I tidlege år var han større som songskrivar enn som utøvar.
Røynd og lygn
Skal ein ha von om å trengja inn i diktinga på det nye albumet – og den er ikkje lett å koma utanom, dei ti songane inneheld nær tusen verseliner – hjelper det med kjennskap til det bibelske universet og den amerikanske songskatten, to tekstheimar Dylan ofte refererer til.
Slik kjennskap gjer tekstane tydelegare, men framleis forvirrande eller fascinerande tvitydige. Gjennom ein 60-årig karriere har han i periodar kome med klåre bodskapar, som protestsongar og borgarrettsforkjempar, som evangelisk kristen og verdikonservativ, som artistaktivist for svarte amerikanarar i eit kvitt rettssystem. Når tekstane no er tvitydige, som stor dikting gjerne er, vert det understreka av den vokale formidlinga og ei røyst som uføreseieleg vekslar mellom å vera alvorleg og ironisk, andaktsfull og lakonisk, kjærleg og likesæl.
Like uføreseieleg blandar songpoeten røynd og lygn – om lag som i Martin Scorseses Netflix-dokumentar i fjor, Rolling Thunder Review, der skodespelaren Sharon Stone fortel om då ho møtte Dylan, eitt av mange intervju om turneen i 1975, sett bort frå at møtet aldri skjedde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.