JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Kolibriens vengeslag

Så fekk vi eit album til frå Leonard Cohen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leonard Cohen døydde i 2016, 82 år gammal.

Pressefoto

2954
20191122
2954
20191122

Lytt til artikkelen:

Rock

Leonard
Cohen:

Thanks for the Dance

Sony

Ikkje rart at kolibrien er tiltrekkjande for poeten, med sitt spel med sansane, med kva vi ser, og kva vi høyrer: «Listen to the hummingbird/ whose wings you cannot see/ Listen to the hummingbird/ don’t listen to me.»

Slik går opningslinene på «Listen to the Hummingbird», det niande og avsluttande sporet på Thanks for the Dance, Leonard Cohen-albumet som kjem ut i dag. Oppmodinga, som verkar så typisk for artisten, kjem i form av ein enkelt, men elegant tonesett resitasjon av eit dikt, snarare enn ein song.

Siste opptaka

Godt er det uansett å høyre denne røysta, ikkje minst for lyttarar som har rekna Cohen for ein følgjesvein, som har vendt tilbake til songane hans opp gjennom åra og framleis prøver å venje seg til at mannen gjekk bort for tre år sidan.

Det skjedde berre få veker etter at albumet You Want It Darker kom ut. Så viser det seg at sonen Adam, som komponerte dei fleste melodiane til plata og fungerte som produsent, hadde fleire opptak frå den siste tida i farens liv. Mykje dreier det seg ikkje om. Thanks for the Dance varer i under halvtimen, men er likevel umisteleg for alle Cohen-lyttarar.

Prosjektet var ikkje utan risiko, men Adam Cohen allierte seg med dei rette folka då han gjekk tilbake i studio med materialet. Mellom dei første han spurde, var Javier Mas, som fleire lesarar vil hugse som mannen med lutten på Cohen-konsertar i seinare år. Det er rørande å høyre virtuositeten til Mas på Thanks for the Dance, ikkje minst i opningssongen, «What Happens to the Heart».

Røysta sentral

Det har vore viktig å la røysta stå i sentrum og ikkje kle desse songane med meir enn akkurat det dei treng, men likevel er eg glad for at Thanks for the Dance ikkje er fullt så naken og strippa i uttrykket som knallsterke You Want It Darker var. Daniel Lanois er med på fleire songar, det same er Montreal-artistar som Patrick Watson, Leslie Feist og Molly Sweeney – for å nemne nokre sentrale namn her. Når Jennifer Warnes korar på tittelsporet – nett slik ho skal, og slik ho har gjort så mange gonger før – har det ein slags vørdnad over seg, som i ei siste, forseinka helsing til artisten frå nokre av dei som sette han høgt.

Somme av anekdotane rundt Thanks for the Dance tyder på at dette kunne ha vorte noko av eit lappeteppe i hendene på feil folk. Opptaket av Cohens resitasjon av «Listen to the Hummingbird» er, av alle ting, henta frå pressekonferansen då han lanserte You Want It Darker, kunne The New York Times fortelje tidlegare denne veka. Eg er glad for at Adam Cohen og lydteknikar Michael Chaves leitte fram opptaket og reinska vekk alle spor av pressekorpset som var til stades, at Lanois sette seg ved tangentane, og at Mas lét fingrane fare over strengane då orda skulle verte følgde av musikk.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis