¿ Klangen av krig
Barokkomponisten Bibers musikalske slagscene Battalia endar tragisk.
Musketerar avbilda på eit tysk koparstikk frå 1616.
Lytt til artikkelen:
Det heile byrjar, slik det sømer seg i militær samanheng, med ein fanfare – i dette høvet ein kavalerifanfare i D-dur av bøhmaren Jan Dismas Zelenka (1679–1745), som arbeidde ved hoffet til den stridsglade saksiske kurfyrsten August den sterke. Det vesle stykket blir spelt med kveikande klåre av Trompeten-Consort Innsbruck, eit ensemble sett saman av paukar og fire naturtrompetar.
Denne trompettypen frå barokken har ikkje ventilar; dei ulike tonehøgdene får ein berre fram ved å justera blåsestyrke og leppeposisjon. Dette gjer at ein ikkje kan spela alle tonane i skalaen, noko som tvingar komponisten til å skriva enkelt. Klangleg blir musikken derimot desto prektigare og potent, nett slik det skal låta når ein konge trer fram, kavaleriet skal gå til åtak eller troppane skal samlast att etter sigeren på slagmarka.
Imitasjon
Zelenkas fanfare er den einaste «ekte militærmusikken» på denne særmerkte plata til det italienske ensemblet Il Giardino Armonico frå 1998. Med «ekte» meiner eg her musikk som har ein konkret militær funksjon som signal (til dømes som instruks for å gå til åtak), eller som klingande adelsvåpen for ein herskar. (Fyrstar hadde gjerne ein eigen «kjenningsmelodi» som blei spelt når dei opptredde i offisielle samanhengar.)
Den andre typen militærmusikk på plata er kunstmusikk som skildrar det militære. Slike komposisjonar kan enten sitera ekte militære signal, eller dei kan etterlikna militære aktivitetar med musikalske middel. Det beste dømet på ein slik imitasjon er bøhmaren Heinrich Ignaz Franz von Bibers (1644–1704) Battalia i D-dur, ei musikalsk slagscene for strykeinstrument frå 1673. Her skildrar han scener frå det skifterike livet til musketerane, 1600-talets infanteristar som var væpna med muskett, ei tidleg form for gevær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.