¿ Kaukasisk koloritt
Torleif Thedéen byggjer opp spenningsfulle frasar i Khatsjaturjans cellokonsert.
Den armenske komponisten Aram Khatsjaturjan (1903–1978) frå Georgia på eit sovjetisk frimerke frå 1983.
Lytt til artikkelen:
«Khatsjaturjan imiterer berre seg sjølv!», utbraut komposisjonsprofessoren ved Gnesin-instituttet i Moskva då han gjekk gjennom leksa han hadde gjeve elevane sine, nemleg å skriva eigne variasjonar over «Solveigs sang» frå Edvard Griegs andre Peer Gynt-suite. Alle elevane hadde løyst oppgåva slik lærebøkene føreskreiv – med unntak av den sjølvlærte bokbindarsonen Aram frå Tbilisi i Georgia, som instinktivt utstyrte Solveig med det professoren kalla «eintydig orientalske rytmar».
Pauketrille
Eg vil ikkje kalla det imitasjon. Ein referanse er vel det rette ordet. Ho høyrest i alle høve kjend ut, opninga av Aram Khatsjaturjans Cellokonsert i e-moll frå 1946, som solisten Torleif Thedéen og det tyske Staatsorchester Rheinische Philharmonie her gjev oss ei livfull tolking av. Stykket startar nemleg med same typen svulmande pauketrille som «A-mollkonserten».
Også framhaldet, etter rekkja med massive, dissonerande strykarakkordar, har noko griegsk ved seg. For til liks med Grieg greier Khatsjaturjan å kombinera kromatiske liner (melodiar bygde opp av halvtonetrinn) med grasiøs lette i den musikalske teksturen. Franskmenn ville ha kalla det impresjonistisk. Men for nordmenn er no eingong Grieg den næraste referansen, sjølv om han i sin tur stod i gjeld til dei franske impresjonistane.
Songleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.