¿ Idealkvartettar
Camerata Köln briljerer med Telemanns mønstergyldige kammermusikk.
Det tyske barokkensemblet Camerata Köln.
Foto: Sven Cichowicz
Lytt til artikkelen:
«Seks visse kvartettar for ulike instrument, for det meste fløyte, obo og fiolin, som herr Telemann komponerte for temmeleg lang tid sidan, men som ikkje er stukne i kopar, kan tena som gode førebilete for denne arten musikk.» Dette skreiv Johann Joachim Quantz (1697–1773) om kvartettsjangeren i sin skilsetjande fløyteskule Versuch einer Anweisung die Flöte traversiere zu spielen («Freistnad på ei rettleiing i å spela tverrfløyte») frå 1752.
Quantz, som var kong Fredrik II «den store» av Preussens fløytelærar, såg på Georg Philipp Telemanns (1681–1767) kammermusikk som mønstergyldig. Men nett kva for kvartettar han konkret syner til i fløyteskulen sin, kan vanskeleg seiast sikkert – dei blei ikkje «stukne i kopar», altså utgjevne, og me kan difor berre gissa kva for stykke det er tale om.
Likeverdige
Ei kvalifisert gissing kjem den tyske Telemann-forskaren Wolfgang Hirschmann med i omslagsteksten til Camerata Kölns album Concerti da Camera Vol. 2. Han syner til kjennemerket ved somme av kvartettane på plata, som samsvarar med krava Quantz set til komposisjonsforma: Dei tre soloinstrumenta, som musiserer over ei besifra bassline (basso continuo), er på sofistikert vis forma likeverdig i høve til kvarandre, altså utan at eitt instrument dominerer over dei andre. Mykje tyder difor på at dei innspelte stykka er dei «idealkvartettane» den prøyssiske fløytelæraren kåra til klassikarar.
Autentisk klang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.