JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Germania

Lunit Riebel syng romansar frå Friedrich Nietzsches gymnastid i 1860-åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå Nietzsches romanse «Ungewitter» med tekst av Adelbert von Chamisso.

Foto: Goethe- und Schiller-Archiv i Weimar

2619
20200807
2619
20200807

Lytt til artikkelen:

CD

Friedrich Nietzsche:

Meine Seele ist das Lied eines Liebenden

Lunit Riebel, sopran; Anna Kiritsjenko, klaver. Lunit Riebel 2000

At Friedrich Nietzsche var ein ivrig amatørkomponist, blei eg tilfeldigvis merksam på for nokre år sidan. Ein sykkeltur utanfor Leipzig aust i Tyskland førte meg gjennom heimbygda hans, Röcken. Like ved 1100-talskyrkja, der han blei døypt og gravlagd, ligg prestegarden der han blei fødd. I dette huset, som er gjort om til eit lite museum, blei det spelt romantisk musikk over høgtalaranlegget. Dette var komposisjonar av bygdas store son, kunne museumsvakta stolt fortelja.

Brorskap

Då vakta merka at entusiasmen hans smitta, gav han meg med CD-en Meine Seele ist das Lied eines Liebenden (Sjela mi er songen til ein elskande). Her syng den tyske sopranen Lunit Riebel romansar for song og klaver som Nietzsche komponerte ved landsgymnaset Schulpforta i nabobyen Naumburg. Det tekniske nivået på framføringa kunne vore høgare, særleg gjeld dette intonasjonen til songaren. Klaverspelet til ukrainske Anna Kiritsjenko er det derimot ingen ting å seia på.

I Naumburg, i ruinane av ei mellomalderborg, skipa sekstenåringen i 1860 brorskapen «Germania» saman med to vener. Dei forplikta seg til å levera dikt, komposisjonar og små avhandlingar som så blei drøfta i plenum medan dei drakk billeg, lokal raudvin. Ei av Nietzsches tidlegaste avhandlingar, Über das Dämonische in der Musik (Om det demoniske i musikken), blei til i denne tida.

Schubertsk

Det interessante med plata er ikkje framføringa, men stykka sjølve. Songen «Junge Fischerin» (Ung fiskarjente), skil seg ut, for her er både ord og tonar av Nietzsche. Melodien til songaren minner om romansane til Franz Schubert (1797–1827); der er for det meste éin tone per staving, med stegvise rørsler utan større sprang. Akkompagnementet, som består av mest berre akkordar, er heilt underordna songen. Tendensar til melodisk imitasjon av songstemma finst her knapt.

I «Ungewitter» (Torevêr), med tekst av romantikaren Adelbert von Chamisso (1781–1838), får den unge amatøren fram større dramatikk, for den rytmiske intensiteten i klaverstemma aukar utover i stykket. Finast finn eg songen «Das Kind an die erloschene Kerze» (Barnet [sin tale] til det sløkte stearinlyset), også den med Chamisso-tekst. Her høyrer me Nietzsche på sitt mest humørfylte, med sprettande melodikk og tilløp til originale harmoniske vendingar.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis