JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Filosofen som komponist

I Weimar blir eit rikt utval av Nietzsches handskrivne notar synte fram offentleg for fyrste gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), her som konfirmant i 1861, i tida då han dreiv systematiske klaver- og komposisjonsøvingar.

Foto: Gustav Schultze

7381
20200807
7381
20200807

Lytt til artikkelen:

KOMMENTAR

«Utan musikken ville livet vore eit mistak», skreiv Friedrich Nietzsche året før han gleid inn i galskapen. Det er kjent at filosofen hadde ein lyrisk nerve. Han skreiv dikt, og den patosfylte stilen i dei filosofiske skriftene er poetisk, særleg i hovudverket Slik talte Zarathustra (1883–1885). Musikken, spesielt Wagners, spelar ei viktig rolle i tenkinga hans alt frå det fyrste storverket, Tragediens fødsel ut av musikkens ånd (1872), til det siste skriftet han sjølv gav ut, Tilfellet Wagner (1888).

Mindre kjent er det at Nietzsche òg var ein habil pianist og komponist av meir enn 70 instrumental- og vokalstykke. Dette freistar Goethe- und Schiller-Archiv i Weimar å bøta på i sommar. Utstillinga Nietzsche komponiert (Nietzsche komponerer), som er open fram til slutten av august, syner for fyrste gong fram eit rikt utval av notehandskriftene hans offentleg. Dei som ikkje kjem seg til Weimar, denne vesle, men viktige kulturbyen midt i Tyskland der filosofen døydde i 1900, kan likevel oppleva utstillinga – i digital form. For på museumsnettsida klassisk-stiftung.de er både notar, musikkrelaterte brev og musikkopptak gjorde tilgjengelege.

Bråmogen

Prestesonen Nietzsche, som kom til verda i bygda Röcken to mil sørvest for Leipzig i 1844, studerte aldri musikk. Han fekk litt klaverundervisning, men komposisjon var noko han lærte seg på eiga hand. Notar kunne den bråmogne guten alt skriva når «vanlege» ungar lærer seg bokstavar. Eit tidleg døme er eit ark frå 1851 der seksåringen sjølv har trekt notelinene, for så å notera ned to små melodiar. Stolt har han signert det heile med initialane «F.N.» i tillegg til ei teikning av noko som liknar mest på ein romrakett – det skal vel vera eit tårn i ei mellomalderborg, noko der finst flust av langs elvedalen ved Röcken.

Småstykka går i tredelt valsetakt. Måten Nietzsche har skrive dei på, gjev assosiasjonar til W.A. Mozarts fyrste kompositoriske freistnader, for dei gjer begge den same tekniske feilen: Dei greier ikkje å halda seg til tredelt taktart, men vekslar stundom til firdelt takt. Uttrykksviljen var altså sterkare enn formsansen.

Hymne til livet

Som åtteåring gjekk det unge flogvitet meir metodisk til verks. Utstillinga syner noteark med musikkteoretiske øvingar der akkordar er noterte i ulike omvendingar, det som på fag­språket blir kalla generalbass. Dei teoretiske kunnskapane han her legg for dagen, er på nivå med det bachelorstudentar ved norske musikkonservatorium i dag treng for å bestå teorieksamen. Det systematiske sjølvstudiet førte fram, og som tenåring skal han ha vore ein god klaverimprovisator. Ei rekkje stykke for klaver og song blei til; stundom skreiv han òg songtekstane. Dei mange komposisjonane frå gymnas- og studietida er kalligrafiske perler, skrivne med sikker og rutinert hand.

Kva så med Nietzsches komposisjonsstil? Verka avslører solid kjennskap til den tysk-austerrikske romantiske skulen, med tekstnære melodiar og sober harmonikk. Men banebrytande er ikkje komposisjonane. Så hadde han då heller ingen profesjonelle ambisjonar innan denne kunstforma. Han blei tidleg klar over dei geniale filologiske og filosofiske evnene sine, ei eigenvurdering som skulle få messianske trekk mot slutten av livet. Musikken var derimot ein personleg lidenskap han dreiv med for seg sjølv og for venene sine – klangkunsten var ein emosjonell oase i ei verd han meinte var prega av abstrakt, livsfiendsleg intellektualisme.

Eitt unntak finst likevel: Det siste store verket for firhendig klaver var han nøgd med at han bad ein profesjonell musikarven om å orkestrera det for blandakor og orkester. I 1887, to år før han braut saman mentalt, blei verket utgjeve i Leipzig. Hymnus an das Leben – Hymne til livet – var den einaste komposisjonen han publiserte. Andre verk er komne ut posthumt.

Allkunstverk

Nietzsches komposisjonar er altså typisk romantiske, og særleg i romansane (kunstsongane) kan Schubert og Schumann «høyrast» i bakgrunnen. Kva så med den komponisten ein vanlegvis høyrer om i Nietzsche-samanheng, nemleg den store, seinromantiske operareformatoren Richard Wagner (1813–1883)? Wagnerske trekk, som dissonansrik, kromatisk harmonikk og langstrekte melodiliner, er mest fråverande i Nietzsches musikk. Men sidan Wagner var den som påverka tenkinga hans mest, er han sjølvsagt tematisert i utstillinga.

Wagner er mest kjend for dei nyskapande operaane sine. Men han etterlét seg òg ei mengd skrifter om musikk- og kulturfilosofiske spørsmål. Her talar han visjonært om endemålet sitt, das Gesamtkunstwerk, «allkunstverket», som skulle sameina dei ulike kunstartane i dramaets teneste – målet var å attskapa den musikalsk-poetiske symbiosen i den
greske tragedien. Denne tanken var for så vidt ikkje ny. Då italienske humanistar «fann opp» operaen som kunstform kring år 1600, var målet nettopp å gjenoppliva uttrykket i det greske dramaet. Men hjå Wagner dreier det seg om langt meir – med «allkunstverket» sitt ville han skaka samfunnet så grundig at ein heilt ny mennesketype skulle oppstå.

Wagners knefall

Det var den felles ovundringa for den tyske filosofen Arthur Schopenhauer (1788–1860) som fyrst førte Wagner og Nietzsche saman i venskap. For Schopenhauer, som forankra tidlegromantikkens svermeriske musikksyn i eit omfattande filosofisk system, var musikken uttrykk for det djupaste i tilværet. Som han skriv i ein aforisme: «Pulsslaga til den guddommelege tonekunsten har ikkje halde opp å slå gjennom hundreåra med barbari, og ein direkte gjenklang frå det evige er bevart for oss i han, skjønleg for alle sansane våre og sjølv heva over last og dygd.»

Denne auka verdsetjinga av musikken i fyrste helvta av 1800-talet førte òg til at komponistane blei oppvurderte. Og Nietzsche forguda den 31 år eldre Wagner, som han meinte kunna redda Vestens kultur frå den kvelande intellektualismen i samtida. Dette les me i den alt nemnde sivilisasjonskritiske debutboka Tragediens fødsel, som er dedisert Wagner.

Bittert oppgjer

Men venskapen kjølna utover i 1870-åra. Nietzsche forakta Wagners «knefall for kristendommen» i operaen Parsifal (1882), og at han med festspela i Bayreuth hadde «nedlate seg» til nasjonalisme og tysk nasjonsbygging. Etter Wagners død i 1883 kom han med mange sarkastiske og bitre oppgjer med «wagnerismen». Råkande er ein passasje i stridsskriftet Moralens genealogi (1887): «Denne auka statusen til musikken, slik han veks fram or Schopenhauers filosofi, førte til ei uhøyrd prisstiging, også på musikaren. Frå no av blei han [Wagner] eit orakel, ein prest, ja, meir enn ein prest, eit slags talerøyr for ‘eigentlegheita’ til tinga, ein telefon til det hinsidige. Denne Guds buktalar tala frå no av ikkje berre musikk – han uttrykte metafysikk.»

Også i det siste verket, Tilfellet Wagner, får den falne guden hans gjennomgå. I Nietzsches typisk aforistiske stil les me her: «Mi største oppleving var å bli frisk. Wagner høyrer berre til sjukdomane mine.»

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Denne Guds buktalar tala frå no av ikkje berre musikk. Han uttrykte metafysikk.»

Friedrich Nietzsche om Wagner

«I musikken er ein direkte gjenklang frå det evige bevart for oss.»

Arthur Schopenhauer

Emneknaggar

Fleire artiklar

Roque Rachel Salas Rivera er poet, omsetjar og redaktør, og ein av poetane i antologien.

Foto: Poetry Foundation

Meldingar

Ung amerikansk dikting på norsk

Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og media djupt inn i diktinga.

Kjetil Berthelsen

Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
EinarHaakaas

Det trugande utanforskapet

På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fargerikt om tolsemd

Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.

Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.

Foto: Christopher Helberg

BokMeldingar
Odd W. Surén

Endringar til godt og vondt

Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis