¿ Eklektisk
Händels fyrste opera sameinar det beste frå tre nasjonalstilar.
Sopranen Amanda Forsythe (som Edilia) under Boston Early Music Festivals «Almira»- oppsetjing frå 2013.
Foto: Kathy Wittman
Lytt til artikkelen:
Barokkopera er ikkje for pyser. Fire CD-ar må til for å festa Georg Friedrich Händels (1685–1759) fyrste opera, Almira, til plate. Det vil seia: Eg har opplevd forkorta versjonar av verket ved tyske operafestivalar. Men fire timar lang, med over 70 einskildnummer, er altså originalversjonen som Boston Early Music Festival Orchestra produserte som fullskala sceneverk i USA i 2013.
Albumet som no er lansert, er ei studioinnspeling frå 2018 – slike har som regel mykje betre lyd enn opptak gjorde i operahus med knirkande scenegolv. Innspelinga ber ikkje preg av den akademiske turrleiken somme slike «historisk korrekte» operaprosjekt har. Stykket kling nemleg frodig og fargerikt og kan nytast utan at ein fordjupar seg i den forvirrande handlinga: For meg er det Händels musikk som gjer dette kvadrupelalbumet fyrsteklasses, der ensembleleiarane Paul O’Dette og Stephen Stubbs (som begge spelar lutt) balanserer grannsam vitskapleg tilnærming med truverdig kunstnarleg tolking.
Siciliansk dronning
Handlinga i Almira er fiksjon, men går føre seg i eit historisk miljø på 1100-talet. Ho som i librettoen (songteksten) blir kalla Almira, er i røynda kongsdottera Elvira av Castilla, som levde frå kring 1100 til 1135. Elvira gifte seg med den normanniske greven Roger II av Sicilia i 1118. Då han i 1130 blei krona til konge, blei ho Sicilias fyrste dronning.
I Händels moderne verkkatalog er Almira det fyrste opuset (HWV 1). Stykket hadde premiere den 8. januar 1705 i byrepublikken Hamburgs Oper am Gänsemarkt (Operaen ved gåsemarknaden), som var det fyrste borgarlege operahuset på tysk kulturområde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.