JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Dylan går akustisk

Som «Murder Most Foul» i mars er den nye songen «I Contain Multitudes» eit slag attersyn med Bob Dylan før rocken tok han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6211
20200424
6211
20200424

Lytt til artikkelen:

SONGTEKST

BOB DYLAN:

I Contain Multitudes

SPECIAL RIDER MUSIC

Tre veker etter at Bob Dylan gav ut songen «Murder Most Foul», kjem no ein til, «I Contain Multitudes» – dei to fyrste eigne songane han har gjeve ut sidan albumet Tempest i 2012. Kva er det med dei som leier tankane til den 23 år gamle songpoeten i 1964?

Få nolevande kunstnarar har som Bob Dylan gripe så rett inn i si tid og samhandla så aktivt med samtida. I dei snøgge stilskifta hans i 1960-åra var han som eit lite tannhjul som greip inn i eit større tannhjul, ungdomskulturen, som på si side dreidde i lag med det store tannhjulet, historia. Små hendingar fekk omgrepsstatus, som at han i 1965 skifta frå kassegitar til elgitar og «gjekk elektrisk».

Akustisk

Mindre merksemd har det fått at han kring 1964 synte litterær verksemd utover songane, med skriftdikt og prosatekstar, påverka av mellom andre fylgjesveinen og beatpoeten Allen Ginsberg (1926–1997), som i sin tur var påverka av Walt Whitman (1819–1892).  

I dei to nye songane er det fleire teikn som tyder på at Dylan no utforskar ståstader i den før­elektriske perioden i 1963–1964, både det akustiske uttrykket og det litterære universet. I same lei peikar hendingar frå dei åtte åra som har gått sidan sist han gav ut eigne songar: Han har spelt inn tre album med amerikanske songar frå før rocken, og han har motteke Nobelprisen i litteratur. 

«Murder Most Foul» grip direkte tilbake til den akustiske tida ved at songen tek føre seg mordet på president John F. Kennedy i november 1963, ei hending som var med på å akselerera stilskifta til den unge Dylan i åra som fylgde.

Me skal sjå at det går liner attende til 1963–1964 i «I Contain Multitudes» òg, men fyrst: Kva har dei to nye songane sams, anna enn at dei båe høyrer til det som i gamle dagar kunne ha vore gjeve ut som eit nytt platealbum?

Den akustiske produksjonen er alt nemnd. «I Contain Multitudes» er ein stillfaren og forsiktig arrangert ballade, perkusjonslaus, med lågt brummande cello og varsame gitarar, ikkje ulik «Murder Most Foul», men med meir melodiline i vokalen. 

Litterær

Sams er òg at båe dei nye songane hentar tittel og refrengledd frå to hovudverk i engelskspråkleg dikting, høvesvis Hamlet av William Shakespeare og «Songen om meg sjølv» av Walt Whitman. Slik Shakespeare er ein portal til engelsk litteratur, er den rause og snakkesalige Whitman gudfar til moderne amerikansk lyrikk, ein poet som «song» Amerika. 

Tittelen er lånt frå det nest siste diktet i «Songen om meg sjølv», frå eit avsnitt som nærast er ein digresjon, og der dei tre tittelorda berre kjem i ein parentes:

Motseier eg meg sjølv?

Ja vel, då motseier eg meg sjølv

(Eg er stor, eg rommar mengder)

Men om den whitmanske utsegna kjem i hast, i ein parentes i eit innskot, er det rekna som ein nykel til å skjøna kva som er sjølvet i «Songen om meg sjølv». Who’s talking? Det er eit eg som er meir og større enn berre mangfaldig og motsetnadsfylt, eit eg som er alle – i det minste mengder, multitudes, gjerne forstått som menneskemengder. 

Herfrå går det liner til det utvida sjølvbiletet Dylan utforska i skriftlyrikken sin kring 1964. Dei to nye songane er rike på ordspela han den gongen leika seg med i tekstar om eget, til dømes i eit spel med dei likelydande orda eye (auga) og I (eg): «I cannot say the word eye anymore... when I speak this word eye, it is as if I am speaking of somebody’s eye that I faintly remember... there is no eye.» Framført på norsk ville det lyda om lag slik: «Eg kan ikkje seia ordet eg lenger... når eg uttalar ordet eg, er det som om eg pratar om einkvan eg knapt hugsar... det finst inkje eg.»

Deadpan

Innsikta formidlar han ikkje grandiost og altomfemnande som Whitman, men deadpan, lakonisk og skjelmsk, med eit referansemetta pokerandlet. Det gjeld røysta òg, som snart er uttrykks­laus, snart innsmigrande på eit ikkje heilt tillitvekkjande vis. 

Gamle grådige ulv 

Du skal få sjå mi sjel

Men ikkje heile

Berre ein hatefull del
 
Han gjev røyst til eit eg som på den eine sida nervøst bit negler, og som på den andre sida tek del i blodhemn, som målar landskap, men akt òg, som vil fara til dei fjernaste stader, men som bryt saman om du ikkje vert med. Han samanliknar seg sjølv med bortgøymde Anne Frank og eventyraren Indiana Jones:

Eg er som Anne Frank,

som Indiana Jones

og dei britiske pøblane

The Rolling Stones

Medan «Murder Most Foul» var metta av musikalske referansar, peikar dei litterære seg ut i «I Contain Multitudes»: William Blake og Songs of Experience, Edgar Allan Poe og «The Tell-Tale Heart», Walt Whitman og «Song of Myself».

Vondt vendepunkt

Eit farvel til dei akustiske åra var turnéfilmen frå 1965 med den aggressive tittelen Don’t Look Back. Dei nye songane tyder på at 78-åringen no ser seg attende. Livet har vore uvanleg samansett. Nihilist og moralist. Patriarkalsk og progressiv. Ortodoks jøde og evangelisk kristen. Familiemann og bohem. Eit av dei vondaste vendepunkta var overgangen frå den akustiske til den elektriske fasen.

Hausten 1963, ein månad før drapet på president Kennedy, skreiv og spelte Dylan inn «The Times They Are A-Changin’», som snøgt vart ein global kampsong for det politiske ungdomsopprøret då albumet kom i januar 1964. Men etter at han slo gjennom kommersielt sumaren 1965 med hippe, elektriske «Like A Rolling Stone», stogga han heilt å framføra «The Times They Are-A Changin’», protestsongen over alle protestsongar. Songen dei fleste ynskte å høyra, spelte han ikkje offentleg på nær ni år, frå mai 1965 til januar 1974.

Nyleg vart den handskrivne kladden av songteksten til «The Times They Are-A Changin’» lagd ut for sal. Utgangsprisen er 23 millionar kroner, og kladden ser dimed ut til å verta høgare verdsett enn kladden til «Like A Rolling Stone», som i 2014 vart seld på Sotheby for 21 millionar kroner. 

Det liknar ein lagnadens vri at dette hender samstundes som Dylan no gjev ut «I Contain Multitudes». Nok ein gong ser det ut til at det vesle tannhjulet hans snurrar i lag med andre. 

HÅVARD REM

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis