Musikk om musikk

Händel og Britten hyllar musikkens vernar, St. Cecilia.

CD

Georg Friedrich Händel:Benjamin Britten:

Ode for St Cecilia’s Day

Polish Radio Choir; Dunedin Consort;
dir.: John Butt. Linn 2019

CD

Eg hugsar fyrste gong eg opplevde henne. Det var ein av dei italienske ettermiddagane der den heite sommarlufta tjuknar gradvis til og det berre er eit tidsspørsmål før slusene opnar seg der oppe og reinskar gatene for støv og skit. Eg hasta gjennom det temmeleg slitne universitetskvarteret nordaust i gamlebyen i Bologna og fann fyrst ikkje Pinacoteca Nazionale, for den arkadekledde fasaden til kunstmuseet glei saumlaust inn rekkjene av andre universitetsbygningar.

Vel inne oppdaga eg henne ikkje med det same, for korridorane var eit virvar av dårleg merkte blindgater. Men inst i den lengste av salane, som oppe i koret i langskipet i ei kyrkje, var ho, slik høgrenessansemålaren Rafael såg henne føre seg: den vakre romerske overklassekvinna Cecilia, som leid martyrdøden i Roma i det andre eller tredje hundreåret e.Kr.

Heilagast og høgast

Rafaels «Den heilage Cecilias ekstase» syner helgenen som musikkens – særleg kyrkjemusikkens – vernar, med det vanlegaste attributtet hennar, eit orgel. Men måten ho handsamar det vesle handorgelet på, er ikkje vanleg: Ho vørder det ikkje, ho held det opp ned, så pipene sklir ut, mot dei andre jordiske instrumenta, som ligg ubrukande ved føtene hennar. Kvifor? Av di skylaget har rivna over henne, og ho – berre ho! – blir var den himmelske musikken. For når englane i himmelen stemmer i, blir vår jordiske instrumentalmusikk verdilaus.

Men den heilage Cecilia er ikkje berre eit ynda motiv i biletkunsten. Som uttrykk for den heilagaste, høgaste og reinaste musikken har òg komponistane gjennom hundreåra hylla henne med tallause oratorium, hymner og odar. To slike Cecilia-hyllestar, som blei skrivne med to hundre års mellomrom, kjem no på plate: Händels Ode for St Cecilia’s Day og Brittens Hymn to St Cecilia.

Händel

Georg Friedrich Händels Ode for St Cecilia’s Day, som det skotske Dunedin Consort & Players spelar her, blei urframført under festdagen for helgenen den 22. november 1739, ein Cecilian festival som i London hadde tradisjon attende til 1680-åra. Diktet av den store restaurasjonstidspoeten John Dryden (1631–1700) må verkeleg ha kveikt Händels inspirasjon, for han imiterer ikkje berre poesien musikalsk, men gjer beintfram det poesien proklamerer. Kva er meint med dette?

Dette er musikk om musikk, som freistar å skjøna vesenet i tonekunsten frå ein antikk, ein kristen og ein moderne rasjonalistisk ståstad. Tenorresitativet «From harmony, from heavenly harmony/ This universal frame began», uttrykkjer den pytagoreiske tanken om dei sfæriske harmoniane i universet, som grekarane meinte korresponderte med musikalske proporsjonar. Fenomenal er måten tenoren Ian Bostidge greier å syna korleis «urkaoset» gradvis formar seg til harmoniske einingar. I dei fylgjande ariane får me høyra kva for ein verknad dei ulike instrumenta har på oss, ei musikalsk affektlære som den franske filosofen René Descartes (1596–1650) formulerte: lyra, trompeten, fløyta, fiolinen og til slutt Cecilias eige instrument, som òg var Händels favoritt: orgelet. I sistnemnde arie, som òg er min favoritt, briljerer Carolyn Sampson med uvanleg roleg og verdig sopranrøyst.

Britten

På det andre albumet gjev RIAS Kammerchor frå Berlin ei vakker og inspirert tolking av Benjamin Brittens reine vokalverk Hymn to St Cecilia frå 1942. Han hadde fleire grunnar til å tonesetja Cecilia-diktet til W.H. Auden (1907–1973): For det fyrste var Britten fødd på St. Cecilia-dagen 22. november. For det andre var eit slikt «metamusikalsk» verk noko som tiltalte han som komponist. Men den viktigaste grunnen trur eg var at Britten sjølv ville vera del av den store engelske Cecilia-tradisjonen.

Det femstemmige stykket har det milde uttrykket som er så typisk for britisk 1900-talsmusikk – sjølv om harmoniane kan verka dissonante, ligg fokuset på dei vertikale melodilinene. Finst her likskap med Händels tonesetjing? Ja, i tredje strofe blir òg verknaden til ulike instrument tematisert: fyrst fiolinen, så paukane, fløyta og trompeten, som Britten med sin suverene teknikk greier å imitera med menneskelege røyster.