Musikk

Musikalsk tempel

Concertgebouw («konserthuset») i Amsterdam stod ferdig i 1888.
Concertgebouw («konserthuset») i Amsterdam stod ferdig i 1888.

Concertgebouw («konserthuset») i Amsterdam stod ferdig i 1888. For meg er det eit typisk døme på «kunsttempla» som blei reiste i dei store mellomeuropeiske byane mot slutten av 1800-talet. På denne tida spelte religionen ei stadig mindre rolle i ålmenta. Som religionssubstitutt flykta borgarskapen inn desse nye konserthusa, bygningar som arkitektonisk likna klassiske tempel og hadde store orgel slik me kjenner det frå kyrkjer. Her kunne publikum i ritualiserte former (streng konsertkutyme) tilbe «guddommeleggjorde» komponistar som Bach, Mozart og Beethoven.

Same året som bygget stod ferdig, blei Koninklijk Concertgebouworkest («det kongelige konserthusorkesteret») stifta, eit av verdas beste symfoniorkester, som i dag har meir enn tusen plateinnspelingar bak seg. Så vidt eg veit, var dette det fyrste internasjonale eliteorkesteret som vitja Noreg, for på sin fyrste utanlandsturné gjesta det i 1898 musikkfesten i Bergen. Denne skilsetjande hendinga i Bergens kulturliv blei initiert av Edvard Grieg, som på denne tida ofte fekk verka sine framførte i Amsterdam.

Å høyra Concertgebouw-orkesteret på heimebane er ei heilt spesiell oppleving. Eg merka straks kor godt musikarane kjenner akustikken i salen sin. Rommet er forma som ei gigantisk skoøskje, og på grunn av den rike plastiske utsmykkinga i tak og vegger blir romklangen uvanleg mjuk og gylden.