Musikk

Musikalsk kameleon

LEIPZIG: For 250 år sidan døydde Georg Philipp Telemann, komponisten som aldri la seg fast på éin stil. Sjølv som 80-åring makta han å fornya seg.

Georg Philipp Telemann var si tids mest populære og vidgjetne komponist. Dette koparstikket frå kring 1750 er ein kopi av eit tapt målarstykke.
Georg Philipp Telemann var si tids mest populære og vidgjetne komponist. Dette koparstikket frå kring 1750 er ein kopi av eit tapt målarstykke.

Georg Philipp Telemann:

Fødd 1681 i Magdeburg, døydde 1767 i Hamburg

Tysklands mest spelte og omtykte komponist i barokken

Blanda fransk og italiensk stil og skapte slik ein genuin tysk stil

Ein av dei mest produktive komponistane i musikksoga

På musikksidene i denne avisa blir gode innspelingar av dei omtalte verka tilrådde

Både bygningane han levde i og alle gjenstandar som kan knytast til han, er borte – ikkje eingong eit originalt portrettmålarstykke er overlevert. Men gjennom musikken og dei åndfulle skriftene hans kan me danna oss eit tydelegare bilete av Telemann enn av dei fleste barokkomponistar som me har hus og portrett etter. Dette biletet syner oss ein av dei kunstnarleg mest gåverike, intellektuelt mest interessante og menneskeleg mest sympatiske musikarpersonlegdomane i musikkhistoria.

Kva er det ved Telemanns musikk som tiltalar meg slik? Som komponist var han ein kameleon som alltid søkte etter nye impulsar, og på ein svært lett måte makta han å skriva mengder av musikk som stadig overraskar med originale vriar. For meg som musikarar er han særleg sympatisk. Meir enn nokon annan barokkomponist skreiv han nemleg idiomatisk, altså på måtar som er tilpassa teknikken til dei ulike instrumenttypane. I tillegg brifar han aldri – unødvendig virtuoseri og slikt som berre var meint for å imponera, fnyste han av.

Telemanns musikk kan i grunnen oppsummerast i tre ord: Han læt naturleg.

Haugar med hugenottar

Det var i hansabyen Magdeburg, i dagens delstat Sachsen-Anhalt tolv mil sørvest for Berlin, at Telemann kom til verda i 1681. Byen hadde då stabla seg på beina etter Trettiårskrigen og den påfylgjande pesten, som berre 500 av dei 25.000 innbyggjarane kom levande frå. Denne største enkeltmassakren under Trettiårskrigen er opphavet til det tyske uttrykket «å bli magdeburgisert», som tyder å bli totalt utsletta.

Telemanns opne og lette omgang med andre kulturar og veremåtar kan vel førast attende til barndomen. For då den brandenburgske kurfyrsten i 1685 kunngjorde det såkalla «Potsdam-ediktet» om religiøs toleranse og skattefridom for franske hugenottar, auka folkesetnaden i Magdeburg frå 5000 til 13.000 på tre år. I gatene var det difor like vanleg å høyra fransk som tysk.

Sosialistisk mønsterby

Sidan Telemanns far, som var pastor, døydde då sonen var fire år, blei framtidsutsiktene hans usikre. Mor hans oppmoda han om å vera flittig på skulen, skulle han greia seg i livet. Han gjorde det bra på katedralskulen, som låg i skuggen av den veldige domkyrkja – den fyrste gotiske katedralen på tysk jord, bygd kring grava til Otto den store, det tysk-romarske rikets fyrste keisar.

Kyrkja står framleis langs elva Elbens vestbreidd, men den vakre barokkbyen er borte. For i januar 1945 blei han «magdeburgisert» for andre gong, no av allierte bomber, som la 90 prosent av bygningane i grus. Det som var att av bustadsarkitektur, jamna DDR-regimet seinare med jorda for å skapa ein sosialistisk mønsterby. Han er difor den tristaste tyske byen eg kjenner til. Eg har vore i Magdeburg mange gonger under Telemann-festivalen som blir arrangert annankvart år. Det er beint fram uhyggjeleg å ferdast i gatene.

Dra til Bloksberg

Telemann var god i latin og gresk, men best var han – til moras store skrekk – i musikk. Som vedunderbarn lærte han seg fiolin-, blokkfløyte-, klaver- og luttspel på eiga hand, og som tolvåring komponerte og framførte han sin fyrste opera, Sigismund. Dette fekk konsekvensar, for musikaryrket var ingen sikker leveveg for ein farlaus gut: «Musikkfiendane kom i skarar til mor mi og åtvara henne om at eg kom til å bli ein gjøglar, linedansar og murmeldyrframsynar om eg fekk halda fram slik. Som sagt, så gjort – notane og instrumenta, og dimed halve livet, blei tekne frå meg», skreiv han seinare.

«Dra til Bloksberg» har me eit uttrykk som heiter. Telemann fekk faktisk beskjed om å dra til Bloksberg, til kostskulen i gruvebyen Zellerfeld under Bloksberg (i dag kalla Brocken), av di «musikkfiendane meinte at heksene bak Bloksberg ikkje tolte musikk», som han sjølv uttrykte det. Men slik gjekk det ikkje. Presten i Zellerfeld, som kosta skulegangen hans, var sjølv svoren musikkven. 13-åringen blei oppmoda om å skriva både kyrkjemusikk og festmusikk til bergmannsfestane. Seinare skildra han livfullt korleis dei sterke bergmennene blei så begeistra at dei bar han kring i byen – dette var den fyrste musikalske triumfen hans.

Fransk og tysk

I 1697 flytta han til Hildesheim, ein by søraust for Hannover, for å gå på gymnas. Heller ikkje her greidde han å innfri lovnaden til mora om halda seg unna tonekunsten. At han komponerte både luthersk kyrkjemusikk og musikk til messa i jesuittklosteret, syner at han ikkje skydde konfesjonelle grenser. Avgjerande for utviklinga var at han for fyrste gong opplevde eliteorkester, nemleg hoffkapella i Hannover og Braunschweig, nabobyar som berre låg ein dagsmarsj unna.

Kvifor var dette så viktig? Hofforkestera i desse byane spesialiserte seg i kvar sin av dei to nasjonale musikkstilane i barokken. I Hannover, ved hoffet til kurfyrst Georg Ludwig (den seinare kong George I av Storbritannia), dominerte den franske stilen. Dette var staseleg orkestermusikk av typen som hadde utvikla seg ved «Solkongen» Ludvig XIVs hoff i Versailles, der velregissert orkesterdisiplin og grannsamt utførte ornament var idealet.

I Braunschweig dominerte det motsette – her var det den eldfulle italienske stilen som galt, med effektfull opera og virtuose solokonsertar som imponerte meir enn dei smigra.

Det å kombinera det franske og det italienske og slik skapa ein blanda stil som var genuint tysk, skulle bli Telemanns største varemerke.

Juss i Leipzig

I 1701 immatrikulerte Telemann seg som jusstudent ved Universitetet i Leipzig. I mellomtida hadde han vore heime i Magdeburg, der han nok ein gong måtte skilja seg frå noter og instrument og på ny lova mor si totalfråhald frå alt som hadde med musikk å gjera. Men det tok ikkje mange vekene før han «sprakk»: Ein eldre studiekamerat fann eit partitur som stakk ut or kofferten hans, ei tonesetjing av den 6. bibelske salmen, Ach Herr, strafe mich nicht in deinen Zorn (Herre, refs meg ikkje i din vreide). Då kameraten sundagen etter fekk stykket framført i Thomaskyrkja (som seinare skulle bli J.S. Bachs arbeidsstad), var borgarmeisteren så bergteken at han straks engasjerte Telemann til å komponera kantatar to gonger i månaden. Snart blei han både kantor og operasjef i Leipzig, og tente difor nok til å kunna senda stønadspengane frå mor si attende, med melding om at han no endeleg hadde gjeve opp jussen.

Tonesetjinga av den 6. bibelske salmen er overlevert, og han syner oss at 20-åringen Telemann var blitt ein meister innan kyrkjemusikkstilen frå slutten av 1600-talet – ein komposisjonsmåte der kvar setning av bibelteksten får sin eigen, lydmålande tonebunad. Slike komposisjonar er difor sette saman av rekkjer med stutte, kontrastrike parti.

Kantatereform

Men det var ikkje den gamle kantatetypen som skulle setja Telemann på det kyrkjemusikalske kartet. I Leipzig hadde adelen oppdaga det unge flogvitet, og fyrst blei han kapellmeister hjå greven i Sorau (dagens polske Zary). Der spesialiserte han seg på orkestersuitar i fransk stil, som han komponerte hundrevis av. Men då svenskekongen Karl XII (han som seinare fekk ei kule i skallen i Halden) rykte nærare under Den store nordiske krigen, veksla Telemann arbeidsstad til hertughoffet i Eisenach.

I Eisenach gjekk han i gang med å komponera det som skulle bli definisjonen på den barokke kyrkjekantaten. Denne bygde ikkje lenger på bibelvers, men på fri dikting. Og ikkje nok med det: Tonesetjinga var etter mønster av italiensk opera, med veksling mellom ariar og resitativ (talesong med enkelt akkompagnement). Eg kan skjøna at det tok nokre tiår før ortodokse lutheranar vende seg til slike kantatar, sidan førebiletet var både katolsk (frå Italia) og verdsleg (frå operaen). For dei ortodokse var det vel som å høyra popaktig Ten Sing-musikk i kyrkja i vår tid.

Appellerer til kjenslene

Telemann komponerte enorme mengder slike kyrkjekantatar. Me kjenner til nærare to tusen, dei fleste av dei organiserte i årgangar, som inneheld éin kantate til kvar sun- og helgedag i kyrkjeåret. Her trefte han verkeleg tida; han nytta den teatralske musikken, som appellerer til kjenslene, til å forkynna den kristne bodskapen.

For meg som lyttar til stykka av fyrst og fremst musikalske grunnar, er det ei anna side ved Telemanns kantatar som fascinerer: Han blandar mange former og stilar, til dømes i pinsekantaten Daran ist erschien die Liebe Gottes, der han etter mønster av den italienske solokonserten lèt ei virtuos blokkfløyte tevla med koret eller songsolisten. I andre kantatar i denne årgangen får me høyra trompet, cello, obo, fiolin eller tverrfløyte overta solistrolla. Det er denne stadige variasjonen eg elskar hjå Telemann.

Kvar skal ein byrja?

«Den som vil sitja trygt livet ut, lyt slå seg ned i ein republikk», hevda Telemann. For som hofftilsett levde ein kan hende feitt, men på nåden til regenten; ein kunne når som helst få sparken utan grunngjeving. Frå 1712 arbeidde han difor som musikkdirektør i frie riksbyar, fyrst i Frankfurt am Main, så i Hamburg, der han blei buande livet ut. Då han kom til Frankfurt, var han 31 år og hadde framleis 55 år att å leva – og å komponera. Dette resulterte mellom anna i 20 kantateårgangar, 46 pasjonar og 50 operaar.

Kvar skal ein så byrja lyttinga? Om eg skal kåra eitt favorittverk frå kvar av dei to byane, lyt det bli slik:

Yndlingsverket mitt frå tida i Frankfurt er Brockespasjonen, som hadde urpremiere i Barfüßerkirche i 1716. Dette var den fyrste kyrkjekonserten i musikkhistoria der det blei teke inngangspengar, noko som syner Telemanns pionerverksemd som konsertarrangør i den framveksande borgarlege ålmenta. Musikken kling meir som opera enn eit kyrkjeverk om Jesu pasjon. Eg blir aldri lei av å høyra den åtte minuttar lange instrumentale sinfoniaen, som er den mest originale opningssatsen eg kjenner frå heile barokken.

Genuint menneskeleg

Yndlingsverket mitt frå tida i Hamburg kom til 45 år seinare. Medan Bach blei stadig meir konservativ med åra, arta det seg omvendt med Telemann. I oratoriet Die Auferstehung (Oppståinga) frå 1761 makta 80-åringen å fornya seg, for han komponerer i ein lett og elegant stil à la wienerklassikaren Joseph Haydn. Sjølv om teksten er religiøs, har tonesetjinga ingenting av det tungt alvorlege og høgtidssame me kjenner frå Bach, for Telemann framstiller Jesu liv som noko genuint menneskeleg.

Om englane i himmelen musiserer for Gud, spelar dei nok Bach. Men musiserer dei for kvarandre, er eg sikker på at dei spelar Telemann.

Den som vil sitja trygt livet ut, lyt slå seg ned i ein republikk.

G.P. Telemann