Musikalsk chiaroscuro

Finst det likskap mellom verka til den flamske barokkmålaren Theodoor van Loon og musikken i samtida hans?

«Matteus’ martyrium» (ca. 1600) av Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571–1610).
«Matteus’ martyrium» (ca. 1600) av Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571–1610).

CD

Ymse komponistar:

The Ear of Theodoor van Loon

Huelgas Ensemble;
dir.: Paul Van Bevel. Cypres 2018

Huelgas Ensemble tek her utgangspunkt i ein biletkunstnar, flamlendaren Theodoor van Loon, og lèt seg inspirera av kva denne kan ha høyrt av musikk og – ikkje minst – kva påverknad den klingande kunsten hadde på biletkunsten hans. Van Loons måleri ber preg av dramatiske kontrastar mellom lys og skugge, teknikken me kallar chiaroscuro (eller clair-obscur), som han lærte å kjenna under studieopphalda sine i Roma, der han kom i kontakt med målarskulen etter den skilsetjande barokkmålaren Caravaggio. (Van Loon blir gjerne kalla «den fyrste flamske caravaggisten».) Høyrer me noko liknande i musikken? Lat oss prøva – med utgangspunkt i eit av dei finaste stykka på plata.

Chiaroscuro er dynamikk mellom lys og skugge, ein teknikk som skaper djupn i rommet og intensiverer fokuset. Den åttestemmige madrigalen Chiudesti i lumi Armida av Domenico Mazzocchi (1592–1665) er typisk for byrjinga av 1600-talet, då komponistane for fyrste gong noterte dynamikken, altså tonestyrken, i notane, til dømes piano og forte. Men Mazzocchi gjekk lenger – han var mellom dei fyrste som føreskreiv crescendo («gradvis sterkare») og decrescendo («gradvis svakare») i verka sine, noko som gjer dynamikken meir plastisk.

Med litt fantasi tykkjer eg Huelgas Ensembles tolking får fint fram generelle stilistiske samsvar mellom kunstartane. Men der dirigenten Paul Van Bevel, som har skrive omslagsteksten, freistar å knyta spesifikke måleri til einskildkomposisjonar, strekkjer ikkje fantasien min heilt til.