Musikk

Motstandsmusikk

Beethoven gjer Goethes Egmont til ein heroisk samtidstragedie om Wiens fridomskamp mot Napoleons åk.

Den amerikanske skodespelaren John Malkovich resiterer frå Goethes skodespel Egmont, som Beethoven sette musikk til i 1809/10.
Den amerikanske skodespelaren John Malkovich resiterer frå Goethes skodespel Egmont, som Beethoven sette musikk til i 1809/10.

CD

Ludwig van Beet-hoven:

Egmont

John Malkovich og Herbert Flöttinger, resitasjon; Orchester Wiener Akademie; dir.: Martin Haselböck. Alpha 2017
Jamføringar: Academy of Ancient Music/Hogwood (L’Oiseau-Lyre 1988), Chamber Orchestra of Europe/
Harnoncourt (Warner 1991)

Teaterstykke med musikk som integrert del av handlinga kjenner me sidan antikken. Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) konsiperte alle skodespela sine etter ein musikkdramatisk plan som han skildra gjennom detaljerte regiinstruksjonar, til dømes i tragedien Egmont (utgjeven 1788), som ikkje berre inneheld parti som skal syngast, men òg krev stemningsfull bakgrunnsmusikk til den tala teksten, ikkje ulikt vår tids filmmusikk. Men Goethe var ikkje musikar, så tonane laut andre ta seg av. I 1809 fekk difor Ludwig van Beethoven i oppgåve av k.u.k. Hoftheater (det keisarlege og kongelege hoffteatret) i Wien å fullenda Egmont etter Goethes plan, noko han gjorde til gagns ved å føya til ein stor ouverture og effektfull mellomaktsmusikk.

Ad fontes

Resultatet får me i volum 3 i den forvitnelege serien «Resound Beethoven», der Orchester Wiener Akademie under leiing av austerrikaren Martin Haselböck framfører Beethovens orkesterverk mest mogleg autentisk: Ikkje berre spelar dei instrument frå Beethovens samtid, dei framfører jamvel musikken i dei salane og teatra i Wien der han hadde urpremiere. Også besetninga, altså storleiken på orkesteret, er den same som den gongen. Sidan Beethoven nytta tynnare besetning enn det som er vanleg i vår tid, er det klingande resultatet så vedunderleg transparent at me høyrer einskildinstrumenta (gnissande kontrabassar, kvasse fiolintiradar) ut or orkesterklangen.

Parallell til Napoleon

Goethes tragedie utspelar seg i Brussel i 1560-åra, og handlar om greven Egmont, ein historisk person som kjempar for Nederlands sjølvstende andsynes dei spanske styresmaktene. Hertugen av Alba dømer han til døden, og når kjærasten hans, Clärchen, ikkje evnar å berga han or fengselet, lèt ho òg livet – frivillig.

Då den nye produksjonen med Beethovens musikk hadde urpremiere i Wien sommaren 1810, blei stykket tolka inn i samtida av wienarane, for etter eit tungt bombardement året før hadde Napoleon hærteke byen for andre gong. Dramaet blei framført i ei destillert form, godkjend av Goethe, for éin skodespelar og éin sopran.

Det er denne utforminga Wiener Akademie no gjev oss på to alternative CD-ar: den fyrste har original, tysk språkdrakt; den andre er ein nyomsett, engelsk versjon. På meg gjorde sistnemnde mest inntrykk. For den rolege, intense resitasjonen til amerikanske John Malkovich balanserer godt med Beethovens til tider bombastisk-heroiske tonesetjing.