Musikk

Mønstergyldig

Agostino Steffanis kammerduettar er klassiske i den rette tydinga av ordet.

Italienske Agostino Steffani (1653–1728) var komponist, diplomat og katolsk titulærbiskop i Tyskland.
Italienske Agostino Steffani (1653–1728) var komponist, diplomat og katolsk titulærbiskop i Tyskland.

CD

Agostino Steffani:

Duets of Love and Passion

Boston Early Music Festival Chamber Ensemble CPO 2017

Det blir stadig meir klårt kor viktig Agostino Steffani var i utviklinga av musikken i høgbarokken, særleg den tyske. Dei 13 fyrste åra av livet budde han i Veneto-regionen i Nord-Italia, der han var gutesopran i katedralkora i Venezia og Padova. Men resten av karrieren hadde han ved fyrstehoffa i Tyskland, der han verka som komponist, diplomat og titulærbiskop (biskop utan bispedømme, som ein statsråd utan portefølje).

Mest vidgjeten var han for dei seks heilaftans operaane han komponerte i Hannover. Men sidan operaframføringar – den gong som no – var ytst kostesame å realisera, skreiv han òg operaaktig kammermusikk med enkelt akkompagnement, verk som ikkje kravde stor teaterscene, orkester og dyre kulissar. Det er musikk av denne sorten, nemleg kammerduettane, Boston Early Music Festival Chamber Ensemble no har spela inn.

Har alt

Medan det var dei pompøse operaane som gjorde Steffani kjend på slutten av 1600-talet, var det dei subtile kammerduettane som levde vidare utover på 1700-talet. Desse kompakte komposisjonane for to songstemmer og basso continuo (besifra bassline) er klassiske i den rette tydinga av ordet: Dei er mønstergyldige innan sin sjanger og blei flittig apa etter av den neste generasjonens operakomponistar, mellom dei Vivaldi, Händel og Telemann, men utan at desse «forbetra» sjangeren på nokon måte.

Steffanis duettar har nemleg alt: Temaa er songlege, forholdet mellom dei to songstemmene er slik at den eine ikkje dominerer over den andre, harmoniane er underfundige, og den diskrete bassmelodien støttar og framhever overstemmene på naturleg vis. For musikalsk skolerte lyttarar har musikken i tillegg ei anna djupn: Steffani var ein meister i det sokalla «dobbelte kontrapunktet», ein raffinert komposisjonsteknikk der ein kan byta om på dei ulike temaa utan at ein skiplar det klanglege resultatet. Gefundenes fressen for dei meir nerdete mellom tilhøyrarane, altså.

Orkestralt preg

Den fremste styrken ved innspelinga til Boston-ensemblet er den frodige bassbesetninga deira. Basso continuo-stemma, som i partituret berre er notert på éi noteline, blir her nemleg utført av opp til seks bassinstrument, nemleg teorbe (stor basslutt), barokkgitar, barokkharpe, cembalo, cello og gambe. Dette gjev lydbiletet eit orkestralt preg, der dei snøgge akkordane i gitaren gjev det heile fart og liv. Songarane på plata er òg dugande, sjølv om begge sopranane kling litt plaga når dei trakterer det høgaste registeret.