Musikk

Modernisme på etterskot

Tom Ottar Andreassen spelar fløytemusikk av fire norske komponistar som braut med det nasjonale.

CD

Bræin, Kvandal, Hovland, Mortensen:

La Flûte Norvégienne

Tom Ottar Andreassen, tverrfløyte; Kringkastingsorkesteret; dir.: Ingar Bergby.
Lawo 2017

Grieg kasta lange skuggar etter seg i den norske musikksoga. I åra før andre verdskrigen var den nasjonalromantiske lina framleis den viktigaste, og etter avbrotet under okkupasjonen tok ein opp att denne lina for å gjenreisa kulturlivet. Mangel på eit nasjonalt uttrykk fundert i folkemusikken blei gjerne beintfram tolka som manglande kunstnarleg mogenskap.

Dei fire verka som fløyteprofessor ved Noregs Musikkhøgskule Tom Ottar Andreassen no har spela inn på CD, blei til mellom 1953 og 1963 – eit tiår då kontinentale impulsar endeleg fekk gjennomslag her på berget.

Bræin og Kvandal

Fyrste verket er Edvard Fliflet Bræins (1924–1976) Concertino for fløyte og orkester, op. 10. Fyrstesatsen har dansande rytmikk og lineær stemmeføring, ein skrivemåte som skodar attende til 1700-talet. Neoklassisisme, kallar me denne stilen, som hadde blomstra i Frankrike tretti år tidlegare, og som Bræin må ha snappa opp under studieopphaldet der. Også Johan Kvandal (1919–1999) tok undervisning i Paris, noko me merkar i Konsert for fløyte og strykarar, op. 22. Neoklassisismens spretne karakter er tydeleg, men stykket har òg meir brutale sider; eg tenkjer spesielt på dei hakkande, dissonerande strykarakkordane i opningssatsen, som gjev assosiasjonar til russiske Igor Stravinskijs barbariske ballett Vårofferet. Den rolege andresatsen er derimot lyrisk og smektande vakker, eit uttrykk som blir styrkt av Andreassens uvanleg mørke, varme fløyteklang.

Hovland og Mortensen

I Suite for fløyte og strykere, op. 31 snusar Egil Hovland (1924–2013) på endå ein musikkstil: den atonale tolvtoneteknikken, som blei utvikla av wienaren Arnold Schönberg i 1920-åra, og som i grunnen er meir for komposisjonsteknikk enn komposisjonsstil å rekna.

Ingen av dei fire komponistane på plata reiste til Tyskland for å utdana seg, slik brorparten av viktige norske musikarar frå 1800-talet og fram til andre verskrigen hadde gjort det. Finn Mortensen (1922–1983), som er den siste komponisten på plata, hevda jamvel det ville vera «likeverdig med landsforræderi» å studera der. Sidan han hadde «aversjon mot nasjonal rosemaling», utvikla han seg til den mest reindyrka modernisten av dei fire tonekunstnarane. Men Sonate for fløyte solo, op. 6 har framleis ein tonal grunnhått. I dette krevjande, tjue minuttar lange solostykket imponerer Andreassen med nyanserik artikulasjon og stadig vekslande klangfargar.