Musikk

Mikrokosmos av kjensler

Kjell Habbestads korverk er rikt på tekstleg og komposisjonsteknisk avveksling.

CD

Kjell Habbestad:

Et nox in diem versa

Kåre Nord-
stoga, orgel; Latvijas Radio kora, dir.: Sigvards Klava; Oslo Domkor, dir.: Vivianne Sydnes; LAWO 2017

Komponisten Kjell Habbestad gjorde vel då han valde Latvias radiokor til den nye plata si. Ikkje berre meistrar dette profesjonelle kammerkoret alle dei til tider teknisk krevjande partia i dei komposisjonsteknisk varierte verka hans. Det har òg ein interessant klangpalett som skil seg frå liknande skandinaviske kor på fleire punkt. Eg tenkjer her på at dei latviske bassane «buldrar» meir i det djupe registeret, og at dei syng vokalane meir lukka og litt nasalt, i retning av det me kjenner frå russisk korsong. Når det gjeld kvinnene, merkar me at særleg sopranane nyttar sterkare vibrato i viktige parti som skal vektleggast.

Den latinske tittelen på albumet, Et nox in diem versa, tyder «og natti vart til dag» og er henta frå tredje strofa i julesalmen «Det hev ei rose sprunge». Dette er ikkje det einaste latinske på plata; på ni av dei elleve spora blir det sunge latin, stundom kombinert med norsk og engelsk. Heldigvis er òg Oslo Domkor somme stader med, slik at me slepp å lytta til nynorsk songtekst framført med latvisk aksent.

Marias lovsong

Det trespråklege høyrer me i det fyrste sporet på plata, «Magnificat». Dette var i 1978 Habbestads debutstykke som komponist; seinare integrerte han det i det tredelte verket Cantica, op. 1. Magnificat-teksten, som òg blir kalla «Marias lovsong», er frå Lukasevangeliet og har fast plass i vesperbøna i kyrkja. Her føreseier Maria møy, som har fått englebod om at ho skal bli med barn, korleis Gud hjelper foket sitt med å snu om på maktforholda i verda.

Hymnen er rik på dramatiske skildringar og difor godt eigna til tonesetjing, noko hundrevis av komponistar gjennom musikkhistoria òg har gjort – mest namngjeten er vel J.S. Bachs versjon frå 1723. Habbestads utforming byr på overraskingar, til dømes i opninga, der Maria kved: «Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar.» Tradisjonelt er dette ein tekstpassasje der komponistane «fleskar til» med praktfulle paukar og trompetar. Habbestad fokuserer derimot på otta Maria kjenner andsynes den store livsgjerninga ho er blitt kalla til; difor tek stykket til med ein stille, solistisk framboren meditasjon over ordet anima («sjel»).

Sande-salme

«Magnificat» er, som dei fleste stykka på plata, komponert etter eit på førehand fastlagt harmonisk og melodisk system. På dette punktet skil Du som låg i natti seine frå op. 90 seg ut, der teksten (sungen i engelsk omsetjing) er av Jakob Sande (1906–1967). I denne komposisjonen, som er den mørkaste på plata, er det nemleg den effektfulle tekstskildringa Habbestad strevar etter. Det lukkast han med – måten han toneset dei einskilde verselinene i Sande-diktet på, er som mikrokosmos av kjensler, med affektar som endrar seg frå takt til takt.