Xi Jinping, Ole Brumm og Jonas
Den norske tolken sat slik til at han hadde oversyn over papira som Xi hadde framfor seg. Der stod til og med namna på Fafo-ekspertane.
Foto: B. Svenungsen, UD
Barnelitteratur kan vera farlege greier. Pippi Langstrømpe er ikkje forboden i Russland, men boka kjem i små opplag no. Småjenter som lyfter både hestar og politikonstablar, kan setja griller i hovudet på små og store kvinner som bør skjøna at det er best for alle, spesielt for mannfolk, samfunn og styresmakter, at damer vert verande på kjøkenet sitt.
Den mektigaste mannen i verda i dag herskar over 1,3 milliardar kinesarar og heiter Xi Jinping. Den siste boka om Ole Brumm kjem ikkje ut i det landet han styrer, og det meste tyder på at maktmennesket Xi er redd for den godslege og halvfilosofiske bjørnen. På folkemunne har Xi fått oppnamnet Ole Brumm. Det er fordi eit foto av sjefen over alle kinesarar og dåverande president Barack Obama har gjeve den amerikanske pensjonisten oppnamnet Tigergut. Det er noko med ganglaget og dei store øyra. Xi går ved sida av han. Den kinesiske presidenten har etter kvart hamna litt for høgt på vekttabellen og kan bli sitjande fast i honningkrukker og tunnelar om han ikkje kvittar seg med nokre kilo. Farleg, farleg.
Alt før han vart herskar i Kina, viste Xi Jinping at han veit kor viktig det er å visa kva ein duger til. Den historia som no kjem, har ikkje vore på trykk før. Dessutan er ho sann.
Stikk i strid med alle journalistiske grunnprinsipp vert hovudkjelda identifisert i neste setning. Jonas Gahr Støre, som den gongen var utanriksminister, vart i august 2010 invitert til eit 19 timar langt besøk i Beijing. Han skulle få møta Xi Jinping, som berre ekspertane hadde høyrt om den gongen. Men Xi var påsett til å overta som øvste leiar i 2012, altså partisjef og president, og det var ein vakker gunst som kinesarane ville visa samarbeidsnasjonen Noreg på den måten. Støre sa ja takk, og som elev frå den franske eliteskolen Sciences Po (Institut des Sciences Politiques) hadde han lært éin ting: Du skal alltid møta vel budd, og du skal alltid ha gjort leksene dine.
Så det hadde han. Trudde han og rådgjevarane hans.
Det første den påtroppande kinesiske toppsjefen spurde om, var: «Kva har den norske regjeringa og Det norske arbeidarpartiet tenkt å gjera med den seinaste Fafo-rapporten om integreringsproblema i Groruddalen?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.