Vladimir Bukovskij og sovjetisk psykiatri

Vladimir Bukovskij fotografert i gravferda til den myrda russiske agenten Alexander Litvinenko i London i 2006.
Vladimir Bukovskij fotografert i gravferda til den myrda russiske agenten Alexander Litvinenko i London i 2006.
Publisert Sist oppdatert

Søndag døydde Vladimir Bukovskij, ein av dei djervaste borgarrettsaktivistane i Sovjetunionen. Han vart 76 år, og dei siste 43 åra budde han i Cambridge i England. I 1976 vart han, etter tolv år i sovjetiske fangeleirar og mentalsjukehus, utveksla mot den chilenske kommunistleiaren Luis Corvalán.

For utanlandske korrespondentar i Moskva var han ein nøkkelmann og ein viktig kontaktperson. I dei periodane han var på frifot, redigerte og gav han ut undergrunnsavisa Khronika tekusjtsjikh sobytiji (Krønike over aktuelle hendingar), eit maskinskrive hefte som dukka opp med ujamne mellomrom, og som fortalde om overgrep mot opposisjonelle i Brezjnevs og Andropovs rike. Det var spesielt bruken av psykiatri mot politiske dissidentar han avslørte og kritiserte. For dette betalte han ein høg pris.

I Vesten fann han seg berre så passeleg til rette. Han var utvist frå universitetet i Moskva, der han studerte biologi. Grunnen var at han ikkje rekna sovjetstaten som lovleg. Eksamen tok han i Cambridge mange år seinare. Der skreiv han memoarane sine. Noko av den politiske aktivismen sin kanaliserte han inn i kampen mot EU. Samstundes slost han vidare mot misbruken av psykiatrien i det gamle heimlandet. Etter at kommunismen fall, melde han seg som kandidat ved det russiske presidentvalet i 2008. Dei mange hindringane styresmaktene la i vegen, toppa seg til slutt i forbod mot innreise fordi «det ikkje var råd å slå fast kvar han hadde statsborgarskap».

President Vladimir Putins pressetalsmann sa denne veka at Kreml ingen kommentar hadde til meldinga om at han var gått bort. Det som kan stå som minneord om han, kom frå den russiskfødde diktaren Vladimir Nabokov i 1974: «Bukovskijs helteinnlegg til forsvar for fridomen og det fem år lange martyriet hans i psykiatrisk fengsel vil verta hugsa i mange år etter at dei som torturerte han, har rotna opp.»

For leiarane i Moskva og for den sovjetiske psykiatrien vart han ein kostbar mann, og utleveringa i bytte mot den chilenske kommunistleiaren kunne ha vore henta frå ein spionroman. Utanriksminister Henry Kissinger fanga opp signala frå Kreml, og «Kissingers Kissinger», Helmut Sonnenfelt, sat ein dag med ein telefon i kvar hand: ei line til Kreml og den andre til Santiago. Flyet frå Chile med Corvalán landa i Genève samstundes med at flyet frå Moskva kom dit med Bukovskij. Da var den russiske dissidenten henta ut frå cella, utstyrt med nye klede i vestleg stil og fôra opp med betre kost eit par veker. Så flaug han til England. Corvalán vart levert i Moskva. Han døydde i Chile i 2010, 93 år gamal.

Bukovskij kom innom Washington for å takka amerikanske aktivistar for hjelpa. Han fortalde om ein av dei, ein forretningsmann som budde i ein stor, staseleg forstadsvilla. Huset var tapetsert med bøker. Bukovskij var litt overraska; den effektive amerikanaren gav ikkje inntrykk av å vera nokon stor intellektuell. Så Bukovskij spurde, slik desse russarane alltid gjorde, om han hadde lese alle desse bøkene. «Ikkje personleg», sa verten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement