Vanskeleg med damer
Eilif Peterssen, 1892:
«En aften i Det norske selskab»
For snart 14 år sidan inviterte eg ei dame på lunsj i Norske Selskab i Oslo, ein herreklubb som Johan Herman Wessel var med på å stifta på 1700-talet, og som er fornem, men ikkje meir fornem enn at eg er medlem der. Tidleg i dette tusenåret kunne ei dame koma inn som gjest dersom det var damedag, eit fenomenalt ord som skapar varme og gode assosiasjonar. Men medlemer i Selskabet, eller «norsken», som det heiter mellom dei innvigde, kunne damer ikkje verta. Det fekk vera grenser.
Grensene held seg. Før jul var det nokre kvinnevenlege medlemer som slo frampå om at det kunne vera på tide å gje kvinner medlemskap. Eller meir presist sagt: Det kunne vera på tide å ta saka opp til vurdering. Det framlegget fall – utan realitetsdrøfting, til og med. Saka skulle ikkje eingong vurderast, meinte eit klårt fleirtal av dei som tok stilling til det historiske spørsmålet.
Mange av dei som går så langt som til å meina at kvinner, eller damer, er ei form for menneske, dei med, over hundre år etter at kvinner fekk røysterett i kongeriket, sat musestille. Dermed går det kanskje enda nokre år.
Den invitasjonen som eg hadde manna meg opp til for 14 år sidan, vart ingen stor suksess, om det var damedag aldri så mykje. Mellom dei inviterte den dagen var stortingsrepresentant og partileiar Erna Solberg. Gjesten min fekk auga på henne og spurde, fornuftig nok: «Men meiner du at Erna Solberg, som kan verta den neste statsministeren i landet, ikkje kunne ha kome inn her i dag om ikkje ein mann hadde invitert henne?» Eg stadfeste at reglane i Norske Selskab er slik, og mumla noko om at mange syklubbar, for ikkje å nemna damekor, grovt diskriminerer menn. Eg kom ikkje langt med det argumentet. Gjesten min er mellom dei mange kvinner som gjev klåre tilbakemeldingar, og ho sa: «Per Egil, du veit da godt at dette ikkje held i 2006.» Eg skifte emne.
I 2020 er vi komne så langt at stortingspresidenten, statsministeren, utanriksministeren, finansministeren og høgsterettsjustitiarius er kvinne, og det skal ikkje stor spådomskunst og/eller mykje vågemot til for å satsa på den påstanden at kvinner vert medlemer i «norsken» før mannsfleirtalet får sukk for seg. Eg kan ikkje tidfesta dette skiftet, eg er berre trygg på at det kjem.
Argumentet for at ting bør vera som dei er, utkrystalliserer seg i det synet at herreklubben var, er og vera skal ein «friplass» – dei kallar det så – der menn kan vera menn, og dessutan vera i fred. Eit meir stillferdig kulturelt argument går ut på at det vert dynka færre og mindre frodige grisehistorier over konjakken dersom spirituelle og selskapelege menn ikkje kan vera i fred for kvinner. Eg tviler på det; med lyset i livet mitt har eg den faste ordninga at eg får høyra den mest tekkelege historia når ho omsider kjem heim frå ein munter jentekveld. Dei mindre sømelege kulturprestasjonane som har sin naturlege plass noko lenger nede på skalaen, vert for sterke for ein enkel gut frå landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.