Val er farlege saker

Ein russisk tenestemann røystar i byrådsvalet i Moskva for fem dagar sidan.
Ein russisk tenestemann røystar i byrådsvalet i Moskva for fem dagar sidan.
Publisert

Denne veka har ikkje berre Vladimir Putin, men svært mange norske politikarar med kjende namn fått røyna det som dei inst inne visste: Val, lokale som landsomspennande, er risikable greier.

Ein amerikansk ven fortel gjerne ei historie frå heimstaten sin, der ein favoritt ved eit lokalval skulle ta det første steget mot høgdene, oppover og med tid og stunder vidare oppover til ei lysande politisk toppstilling. Han tapte så det small. Vel visste han at skikk og bruk no kravde berre eitt: Han skulle gratulera motstandaren og ta nederlaget som ein mann. Det byrja bra: «Demokratiet har tala til oss med si klåre, pålitelege røyst. Rettvisa har sigra. Veljarane har brukt makta si, slik dei skal. Dei har fått viljen sin.» Så vart han overmanna av det han eigenleg meinte: «Dei fordømde idiotane!»

Så tok han steget ned frå talarstolen og ut or politikken.

Det finst mange døme på politikarar som reiser seg etter nederlag. To av dei meir kjende er Abraham Lincoln og Winston Churchill. Hos oss er Trygve Bratteli og Gro Harlem Brundtland gode eksempel. Men politikk er som all annan kappestrid: Det er sigeren som varmar best og mest.

Risikomomentet er skildra med litterær kraft i ei bok som har fått stå i fred i bokhylla mi dei siste 35 åra. Ho heiter Nomenklatura og er på russisk. Forfattaren heiter Mikhail Voslenskij, og ingen bør klandra seg om dei ikkje har høyrt om han. Han arbeidde som tyskspråkleg tolk i det sovjetiske utanriksdepartementet, og som førstereisgut var han med under forhandlingane om det som vart pakta mellom Stalin og Hitler i 1939. Etter krigen stelte han med tyske saker. Da pensjonsalderen venta i 1971, søkte han om utreise til det som da var Vest-Tyskland. Dit kom han året etter.

Boka hans kom i 1984. For det meste er ho ei skildring av det sovjetiske klasse- og pampesystemet, som han såg frå innsida. Men det som gjorde at eg fiska verket ut av ei ikkje altfor velordna bokhylle denne veka, var eit bleikna minne om det han skreiv om dei første inntrykka sine frå forbundsrepublikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement