JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Val er noko heilt anna enn gallup

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når MDG hamna under sperregrensa, var det fordi dei andre partia proffiterte på klimaengasjementet hos MDG, har Rasmus Hansson sagt.

Foto: Annika Byrde / NTB

3099
20210917
3099
20210917

Vi veit det så vel, likevel gløymer vi det godt og grundig kvar gong: Meiningsmålingar, eller gallup, er noko heilt anna enn val. Eller sagt på ein meir bombastisk måte: Den einaste meiningsmålinga som verkeleg tel, eller som har vekt, er den som veljarane leverer oss på sjølve valdagen. Det vil ikkje seia at bortforklåringane er heilt utan interesse, men mest interessante er dei fordi dei dokumenterer det professor Magne Skodvin aldri vart trøytt av å minna studentane sine på: «Det einaste vi lærer av historia, er at vi ikkje lærer noko av historia.»

Denne gongen lærte vi likevel noko: Dei som hadde funne ut at vi i 2021 utan tvil ville få eit klimaval når Stortinget skulle veljast, var trygge på at det ville verta eit klimaval jamvel om det ikkje vart eit klimaval. Slik gjekk det, og det hadde ei grei og lettfatteleg årsak: Når MDG (Miljøpartiet Dei Grøne) hamna under sperregrensa og ikkje fekk fleire enn tre av 169 plassar i stortingssalen, var det fordi dei andre partia profitterte på klimaengasjementet hos MDG. Det hadde MDG-guru Rasmus Hansson sagt, og da måtte det vera slik.

Nokre få var det som ymta frampå om at valmaterialet som MDG spreidde med stor iver, kanskje var for skarpt i kantane og for intenst, jamvel om det alltid var dekorert med dei aller breiaste smil.

Sjølv brende eg meg på å leggja for stor vekt på all sykkelpropagandaen. Det slo ikkje an hos jamaldringane mine, som ikkje tek ein velt like lett som dei gjorde for 30 år sidan. Dessutan har dei eit mindre forsonleg syn på den krevjande kombinasjonen sykkel pluss vinterføre i dag enn eg meiner å hugsa at dei hadde i tidlegare tider. Og vinter vert det vel tidsnok denne seinhausten òg.

Tyngdepunkt endrar seg eller flyttar på seg, verda er ikkje annleis. Men mangt er som det var, det er som fyrr, men det er meir forklårat, slik diktaren seier, og som før har eg framleis mest kontakt med jamaldringar. Det er somme ting som ikkje endrar seg like markant. Og dette har ikkje koryfeane i MDG hatt heilt lett for å skjøna, ikkje eingong når valvindane lurar og førebur seg skarpt bak husnova.

Skulle klimaentusiastane i staden ha teke det litt rolegare og køyrt med lyddempar i agitasjonen sin, og burde dei ha funne fleire sykkelstativ til farkostane sine? Eg veit ikkje, eg veit berre at eg no får fleire kular og bular enn eg før når eg dristar meg ut i trafikken med den gamle sykkelen min.

Det er andre enn syklistane som lever farleg under endra trafikktilhøve, og dei har ikkje tilpassa seg dei nye omstenda som plagar oss – eller som utfordrar oss, burde vi vel seia i desse moderne tider. Men dei er dristige, det skal dei ha, med alle dei nye elektriske småhjulskøyregreiene sine.

Risikofaktoren for fotgjengarar har skote i vêret i eit omfang som burde skremma nokon kvar til å melda seg på det første førstehjelpskurset ein måtte få nyss som. Livet i trafikken er ingen spøk, minst like risikofylt som all den statistikken folk burde liggja vakne av.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei er dristige, det skal dei ha, med alle dei nye elektriske småhjulskøyregreiene sine.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis