Utsyn frå Inderøy
–Trur du at du kan halda ut å gå to steg bak kona di resten av livet?
Prins Philip i ein polokamp i Windsor sommaren 1965.
Foto: AP / NTB
Det var ei åtvaring da grev Henri de Monpezat stilte dette barske samvitsspørsmålet til sonen og arvingen sin, den seinare prins Henrik av Danmark, og det var så visst ikkje meint som noko anna frå den franske adelsmannen si side.
Prins Philip, eller hertugen av Edinburgh, som vert gravlagd i festninga i Windsor vest for London i morgon, visste at noko tilsvarande – alltid to steg bak – vart venta av han etter at han gifte seg med prinsesse Elizabeth i 1947.
Han hadde skjøtta pliktene sine som kongeleg gemal i 73 år da han takka for seg fredag 9. april, 99 år gamal. Dei vert gamle i den familien, om dei da ikkje røykjer seg i hel eller vert skotne. Med nokre av prins Philips nære slektningar etter ei tid på trona i Russland gjekk det slik. Og da likrestane vart funne i nærleiken av Jekaterinburg i Ural i slutten av 1970-åra, var det DNA-prøver frå prins Philip som kunne brukast til å slå fast kven det var, slik at dei kunne få sitt eige vesle gravkapell i St. Petersburg. Han var den næraste attlevande slektningen av den russiske tsarfamilien, som vart skoten i ein kjellar i eit kjøpmannshus i Jekaterinburg, som heitte Sverdlovsk den gongen, i juli 1918.
Fordi arvelina skulle førast vidare, var det mykje plunder med namneskifte. Prins Philip kom frå fyrstehuset Battenberg. Det er akkurat så tysk som det lyder, og Philip kunne ikkje setja makt bak kravet som å få bruka familienamnet sitt. Så det vart fortyska til Mountbatten. Den tyske klangen var framleis der, den første verdskrigen var fersk og blodig historie, og alt vart forbetra til Windsor.
Eit skikkeleg mannfolk kan ikkje gå bak kona si utan at det kallar på latter og vitsemakeri, og Philip hadde både ironi og sjølvironi. «Eg er ikkje anna enn ei amøbe», sa han ein gong, og det hende ofte at vitsinga hans gjekk ut over andre enn han sjølv: Da han ein gong gjesta Papua Ny Guinea og møtte ein britisk langvegsfarande, sa han: «Og du slapp for å hamna på matbordet, ser eg?»
Med tanke på at det gjekk svært dårleg med mange av slektningane hans før han vart gift med den britiske tronarvingen – han var i fleire år førstearving til den greske trona, og tidleg i 1920-åra vart han smugla ut av eit krigsherja Hellas i ei appelsinkasse før han hamna i Paris. Det hadde ikkje alltid sett så lyst ut for han sjølv heller.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.