JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Til påskemesse i Wien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Du skal velja kyrkjerom med omtanke. Stefansdomen høver slett ikkje for Mozart, skriv Per Egil Hegge.

Foto: Wikimedia Commons

2904
20220408
2904
20220408

Ingen veit kvar eller korleis haren hoppar, og slik fall det seg at eg vart buande i Wien nokre veker i det førre hundreåret. Det var påske, og eg gjekk til messe i ei av dei mange Stefans-kyrkjene.

Mammon skal ha sitt, påske eller ikkje påske, og plakaten, som var på ungarsk, lova ei framføring av Johannespasjonen; så pass greidde eg å stava meg fram til. Med litt kjennskap til den vidgjetne ungarske songkulturen rekna eg med at dette ville verta to timar som eg kom til å minnast.

Eg møtte i god tid, og kondisjonen var enno solid, så eg blingsa ikkje over at det berre vart ståplass. Med nokre russiske messer under beltet gjennom åra tok eg dette med stor sinnsro, hadde halde litt tilbake med morgonkaffien; dette skulle gå som det burde.

Ouverturen gjekk litt på skeive, men eg rekna med at koret og blåsarane ville spela seg opp nokså raskt, slik Johann Sebastian hadde tenkt det, og det slo til. Beina var enno i god form da koret kom til Jesu død, og det brått og uventa (for meg) gjekk ein svusj gjennom kyrkjerommet, og der låg alle på kne, eller å gruve, som det heiter på litt gamaldags nynorsk slik eg enno hugsar uttrykket hos Olav Duun i dei tidlege og ikkje heilt gode verka hans. For den lokale kyrkjelyden var dette alt anna enn berre ei konsertframføring, det var ei ekte påskemesse.

Og kva var no venta av meg, ein skeptisk trønder frå innbygdene? Eg vart tappert ståande til neste sats, eller Teil, som det heiter hos Bach, og om nokon såg olmt på meg, lét eg meg ikkje merka med slikt.

Det meste går over, og det gjorde dette òg. Så eg fann ut at eg trygt kunne verta ståande, Wien eller ikkje Wien.

Det vart verre. I sjølvaste Stefansdomen gjekk eg seinare den veka til ei framføring av Mozarts Requiem og gledde meg stort. Det vart ein nedtur som gav drabeleg atterklang så det ljoma; det kyrkjerommet høver slett ikkje for Mozart, og Requiem fekk eg i to versjonar med altfor tette pausar som mellomlegg; det var rett og slett fælt.

Til og med wienerkaffien smakte ille etterpå, og sachertorte har eg aldri likt. For lite og for mykje duger ikkje.

Om vi lærer noko av slikt? Ja. Du skal velja arena, eller kyrkjerom, med omtanke.

Til all lukke kan ein alltid lita på Rachmaninoff, heilt fri for orgel eller andre påfunn, og så er vi russisk-frelste berga, anten det er krigsherjingar eller ikkje i Ukraina, same kor fælt han var plaga i eksilet sitt i California. Men korkje ukrainarane eller eg skulle vera utsette for slike plager når det er denne musikken vi har sett fram til. Og så nett i påska, den viktigaste høgtida for alle russarar, same kva Putin finn på, berre fordi Russland har fått det for seg at landet har ein suveren rett til å føra seg som ei supermakt, same kor mange lik som vert liggjande i gatene fordi det er på tide med ein «militær oppreinskingsoperasjon».

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til all lukke kan ein alltid lita på Rachmaninoff.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis