JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Styrken i eit dementi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jens Stoltenberg (t.h.) tok imot Tsjekkias statsminister Milos Zeman i Oslo i 2000.

Foto: Morten Holm / NTB

2674
20211029
2674
20211029

Det hender at eit dementi kan verka som det stikk motsette. Det klassiske eksempelet er styrmannen som hadde irritert seg så lenge over ein kaptein som var litt for fuktig, at han i loggboka skreiv: «Kapteinen var full i dag.» Det ville kapteinen rimeleg nok ikkje ha sitjande på seg, så han gjorde krav på retting og oppreising. Straks. Det fekk han, for neste bidrag frå styrmannen såg slik ut: «Kapteinen var edru i dag.»

Den tsjekkiske republikken er ein stat som manglar grense mot sjøen, og derfor kjende truleg mannskapet på eit tsjekkisk fartøy for dårleg til slike fikse litterære knep. I alle fall gjorde redaksjonen i den beste avisa i landet, Lidové noviny, plass til ei overskrift på første side etter at statsminister Milos Zeman, seinare president, hadde vore på statsbesøk i Oslo. Der var det meir enn tydeleg, spesielt under banketten på Akershus, at han ikkje var heilt edru. Han gløymde så viktige protokollting som å invitera statsminister Jens Stoltenberg til vitjing i Praha. Dessutan hadde han mykje trøbbel med alle konsonantane, som det er svært mange av på tsjekkisk, og dei kjem tett som takras.

Etter at han var godt og vel heime att, vart det folkesnakk om saka, jamvel om tsjekkarane er rause og ser stort på det meste, og fråhaldsrørsla står ikkje så sterkt ved breiddene av den vakre elva Moldau (Vltava). Så eit par dagar seinare hadde Lidové noviny overskrifta «Premier ne pije» – «Statsministeren drikk ikkje». Berre éi spalte, men i Praha er folk godt vande med å lesa alt som står mellom linene, og vel så det. Vi snakkar om ein nasjon med ei solid litterær fortid.

At statsministeren i tillegg har flotta seg i overskriftene med fleire tiltalande damer, er ikkje fullt så ille eller overraskande, men det er mange som meiner at det lett kan verta for mykje av slikt når eit land skal styrast. Det skal det jo helst, trass i alt.

Det gjekk ikkje betre enn at president Zeman, som etter nokre månader hadde vorte statssjef, vart alvorleg sjuk og måtte leggjast inn på det mest kjende sjukehuset i Praha. Han vart ikkje friskmeld frå posisjonen som statsoverhovud, og til slutt måtte dei mest kjende lækjarane i byen ta vare på han. Han vart permittert, og landet dreiv langsamt mot ei konstitusjonell krise. For eit statsoverhovud må ein republikk ha, damer eller ikkje damer.

Det vi stillferdige folk her nord går glipp av, er det krevjande, men svært subtile intellektuelle nivået på vitsane i Praha når den lokale politiske situasjonen legg til rette for slikt. Der er tradisjonane solide. Karel Capek har ikkje levd til fånyttes.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For eit statsoverhovud må ein republikk ha, damer eller ikkje damer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis