JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Statsministeren overlevde, men ...

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mette Frederiksen har skapt eit inntrykk av at statsministeren og resten av regjeringa har mykje dei helst vil halda løynt.

Foto: Olafur Steinar Gestsson / Reuters / NTB

2632
20211105
2632
20211105

Om den danske statsministeren Mette Frederiksen kan overleva den seinaste omgangen av den store danske minkkrisa, veit vi ikkje enno, men ho gjorde ein drabeleg freistnad onsdag kveld. Problemet hennar er at staben hennar har sletta nokre tusen elektroniske dokument om årsakene til at regjeringa i november i fjor ga ordre om at alle minkane i Danmark skulle avlivast på grunn av risikoen for at han kunne smitte både folk og fe.

Det vart gjort, og no har statsministeren vorte nøydd til å vedgå at dette var noko ho ikkje hadde juridisk grunnlag for. Vel, sa ho onsdag, vi hadde nok ikkje det, men vi trudde det, og vi visste ikkje at det stod slik til. Og no har vi direkte sagt at dette var ein feil frå vår side. Men det var ein alvorleg krisesituasjon.

Når vi vedgår feil, skulle det vera greitt nok, la ho til, og justisminister Hækkerup stilte opp på ein hastig pressekonferanse for å gje henne full stønad. Slik den parlamentariske situasjonen er, skal det mykje til at ho vert felt på dette grunnlaget. Men krisa er den verste som den årsgamle mindretalsregjeringa hennar må tola, og det var delar av resonnementet hennar som på pinleg vis minte oss – og dei danskane som måtte kjenna norsk historie godt – om den norske odelstingspresidenten Oskar Oksvik vise ord til seg sjølv i eit notat i margen: «Veike argument – kraftigare røyst her.»

Det leiaste for Mette Frederiksen er at det ikkje er meir enn to veker til danskane går til kommuneval. Regjeringa vert heilt sikkert ikkje felt på den tilbakegangen som no ventar der, men alt såg så mykje betre ut før historia med alle dei strokne bakromnotata sprakk. Det står ingen ting i lovverket om forbod mot redigering av dokument på denne friske måten, men det skapar eit sterkt inntrykk av at statsministeren og resten av regjeringa har svært mykje dei helst vil halda løynt, og så eksploderer det midt i fjeset på dei nett når jula stundar til.

Krisa med dei mange minkane som måtte gravleggjast, var elles langt på veg løyst, og den makabre vitsen om at vi som har hatt mange og tunge motbakkar dei siste månadene, alltid kan trøysta oss med at det finst verre: Ein kunne ha vore noko så tragisk som dansk mink og riktig ille faren.

Mette Frederiksen er ein politikar som har klart seg gjennom kriser tidlegare, ung som ho er, og ingen avskriv henne no heller. Men som det heiter i den danske revyvisa: «Det ku’ ha’ været så godt, og så var det faktisk skidt.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi som har hatt mange og tunge motbakkar dei siste månadene, kan alltid trøysta oss med at det finst verre: Ein kunne ha vore dansk mink og riktig ille faren.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis